Vurdering av nettstader som kjelder

Internett myldrar av informasjon av ulikt slag. Det kan vere ei utfordring å vurdera nettstader når du treng å bruke dei som kjeldegrunnlag for å gjere eit fagleg arbeid. Her er nokon tips som kan gjere det lettare for deg å avsløre seriøse eller useriøse nettstader.

 

Truverd: kan vi stole på kjelden?

  • Kven har publisert nettstaden? Finn du noko navn?
  • Tips: sjekk nettadressa, utforsk andre sidar som ligg der. Er organisasjonens namn ein del av
    adressa - se f. eks. på regjeringen.no eller sintef.no
  • Kan opphavsmann/kvinne kontaktast?
  • Er det nokon andre som kjenner til opphavsmann/kvinne?
  • Tips: søkje etter namnet på internett eller i ein bibliotekbase, finne bakgrunnsinformasjon.
  • Er forfattar eller utgjevar tilknytta eit universitet?
  • Er forfattar eller utgjevar anerkjend?
  • Er det mange skrivefeil på sida?

 Relevans: er informasjonen relevant for deg?

  • Kven er informasjonen skriven for?
  • Studentar?
  • Forskarar?
  • Bransjen?
  • Barn?
  • Allmennheita?
  • Er informasjonen relevant for det du treng han til? 

 Aktualitet: er informasjonen gyldig?

  • Når vart informasjonen skriven?
  • Finn publiseringsdato på nettstaden.
  • Tips: Dato finnast ofte nederst på sida. Manglar det?
  • Er informasjonen utdatert?
  • Oppgjev forfattaren faktakjelder og/eller referansar?
  • Kan informasjonen bekreftast av andre kjelder?

 Objektivitet: trur du kjelden er nøytral?

  • Har personen eller organisasjonen som har publisert informasjonen eiga interesse i det dei skriv?
  • Kan det vere kommersielle interessar inne i biletet?
  • Evt. politiske interessar?
  • Virker informasjonen einsidig fokusert på ein vinkling av temaet, eller er han balansert?
Utskrift
Del eller legg til som bokmerke