Skifte av passord ved Noregs Musikkhøgskole
På denne vevsida kan du endre passordet du mellom anna brukar for
å lese e-posten din ved Noregs Musikkhøgskole.
Du må gjere følgjande:
- Tast inn brukarnamnet ditt i feltet 'Brukarnamn' nedanfor
- Tast inn det noverende passordet ditt i feltet 'Passord'
- Tast inn det nye passordet ditt (det du ønskjer å bytte til) i
feltet 'Nytt passord'
- Stadfest det nye passordet ved å taste det éin gong til i feltet
'Gjenta nytt passord'
- Trykk på 'Bytt'-knappen, og vent på stadfesting frå
tenaren om at det nye passordet er godkjent.
Nye passord må innehalde ei blanding av store og små bokstavar, tal
og andre teikn. Det bør ikkje innehalde ord som finnest i ei
ordliste, og må vere på minst 8 teikn.
Etter passordskifte vil det kunne ta ein stund før det nye
passordet er spreidd til alle delar av IT-systemet. Vi rår deg difor
til å skifte passord på slutten av arbeidsdagen.
Du må bytte passord minst éin gong i året, helst oftare. Dersom du
ikkje har bytta passord på over eit år, vil du få ei e-postmelding om
at det er på tide å skifte. Viss du ikkje gjer dette i løpet av ein
månad, vil kontoen din verte stengt. E-post vil framleis kome fram,
og filene på heimeområdet vert liggjande, men du får ikkje logge inn
og bruke kontoen. Ein konto som har vore stengt i meir enn eit år er
sjeldan sakna, og vert automatisk sletta.
For å tryggje informasjonen du registrerer på desse sidene vert han
kryptert under overføringa.