|
||||||||||||||
Allereie frå ein juridisk synsvinkel er klinisk kommunikasjon viktig: pasientar kan i møte med helsearbeidaren krevje informasjon om eigen helsetilstand og om behandling, og denne informasjonen skal meddelast slik at pasienten kan forstå den. Juridiske omsyn høyrer til dei eksplisitt formulerte reglane for omgangen med pasienten. Klinisk kommunikasjon har også implisitte trekk med normativ og etisk relevans: helsearbeidarens og pasientens ytringar er handlingar som etablerer gjensidig forståing og ein sosial relasjon; slike handlingar følgjer normer og mønster for kliniske samtaler spesielt og samtaler generelt. Andre meir indirekte trekk ved kommunikasjonen er helsearbeidarens og pasientens ulike erfaringsmessige, faglege, og sosiale bakgrunnar.
Båe typar implisitte trekk er dei seinare åra blitt tematisert ved omgrep om pasientsentrert kommunikasjon. Kurset vil klårlegge det normative innhaldet av dette omgrepet ut frå ein av definisjonane som finnast i den internasjonale litteraturen. Med dette utgangspunktet vil vi gå til lingvistiske og filosofiske kommunikasjonsteoriar for nærare å kunne beskrive og forklare dei trekk ved klinisk kommunikasjon som omgrepet tematiserer.
Vi vil også drøfte legitimiteten av det å innføre forklarande, teoretiske perspektiv på klinisk kommunikasjon: veit ikkje dei involverte partane i kommunikasjonen best sjølve kva som går føre seg, og kva som bør og ikkje bør gjerast? I kva grad kan ulike faglege og tverrfaglege perspektiv hjelpe til med å artikulere sider ved den kliniske kunnskapen og den sjølvforståinga som den helsearbeidaren møter pasienten med?
Formålet med kurset er å stimulere til etisk refleksjon i helsearbeidarens møte med pasienten. Kurset skal samstundes gje eit bidrag til analyse av mønster for klinisk kommunikasjon spesielt og kommunikasjon generelt.
Kursdeltakelse koster kr 5000,- Semesteravgift og kursmateriell kommer i tillegg.
Ingen obligatoriske forkunnskaper utover generell studiekompetanse. Det gjøres oppmerksom på at generell studiekompetanse ikke gir automatisk studierett til emnet.
Sjukepleiarar, legar, sjukepleiar- og medisinstudentar og andre som arbeider med klinisk kommunikasjon. Det vil bli søkt legeforeninga om godkjenning av kurset som ledd i legars etter- og vidareutdanning.
Kursansvarleg er Torjus Midtgarden. For tida er han timelærar på Filosofisk Institutt ved Universitetet i Oslo, og inntil nyleg postdoktor-stipendiat same stad. I 2001 tok han også doktorgraden her. Fagleg sett er han sårleg oppteken av språk- og kommunikasjonsteoriar. Han har undervist mange år i pensumet til Examen Philosophicum og underviser for tida i kurset FIL2203: Tanke, tolkning og kommunikasjon ved Filosofisk Institutt (UiO).
Torjus Midtgarden 22 84 47 31 torjus.midtgarden@hf.uio.no
Undervisninga går over 10 ettermiddagar (torsdagar), 3 timar kvar gong. Vurderinga skjer på grunnlag av ein heimeeksamen på inntil 10 sider. Det blir gjeve bokstavkarakterar.
Emnet bruker gradert bokstavkarakterskala fra A til F, der A er beste karakter og F er stryk, jf. § 6.1 om karaktersystemet i Forskrift om studier og eksamener ved UiO.
Besøksadresse:
4.etg. Niels Treschows hus
Postadresse:
Postboks 1020 Blindern
0315 OSLO
Ekspedisjonstid:
10.00 - 14.00