|
||||||||||||
|
||||||||||||
Emnet skal gi ei kort innføring i fransk natur- og samfunnsgeografi, og det skal gi grunnleggjande kunnskapar om fransk historie i det 20. hundreåret frå la Belle Époque, dvs. frå midten av 1890-talet, og til i dag.
Studentane skal kunne tileigne seg kunnskapar for å få ei heilskapleg forståing av det franske samfunnet, slik det har utvikla seg og blitt det siste hundreåret.
Førelesingar er opne for alle. Skal du fylgje seminar- og gruppeundervisning, må du ha undervisningsopptak til emnet.
Studentar med studierett på program eller enkeltemne må kvart semester melda seg på undervisninga i StudentWeb.
Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du lese om studietilbod og opptak til studieprogram, eller om opptak til enkeltemne med ledig kapasitet.
Generell studiekompetanse.
Tre år C-språk eller to år B-språk frå vidaregåande skole eller tilsvarande kunnskapar. Det er lagt ut ein diagnostisk test på internett http://www.hf.uio.no/kri/fransk/diagnostisk/index.html slik at du sjølv kan teste om du har tilstrekkelege forkunnskapar for å følgje undervisninga i dette emnet. Du bør oppnå min. 50 % riktige svar for å følgje undervisninga. Studentar med dårligare franskkunnskapar vil kunne nå dette nivået ved å ta FRA0100 - Fransk språkbruk 1.
Undervisninga vert gitt som 2 timar forelesing/seminar i 14 veker.
Emnet har ingen obligatoriske kvalifiseringsoppgåver og inga oppmøteplikt til undervisninga.
Undervisninga går over heile semesteret i samsvar med § 4.1 i Forskrift om studium og eksamenar ved Universitetet i Oslo.
Eksamensinnlevering går føre seg i Fronter. Les her: http://www.uio.no/studier/emner/hf/ilos/eksamensinstruks.html
Det er den einskilde student sitt ansvar å vere i stand til å levere i Fronter. Studentar som ikkje klarer å nytte Fronter, må gå på kurs hos Student-IT.
Eksamen på emnet er ei mappe som omfattar to skriftlege oppgåver og ei munnleg prøve. Dei som får godkjent fleire enn to oppgåver, avgjer sjølve kva for oppgåve som skal gå inn i mappa.
Ved fastsetjinga av karakteren tel både innhald og språkføring.
Alle oppgaver som leveres til bedømming, må følges av en obligatorisk erklæring vedr. fusk
Før du skriv oppgåver eller eksamenar, bør du lære deg reglane for rett bruk av sitat og referansar.
Prestasjonen til studenten blir vurdert ut frå ein gradert bokstavkarakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. jf. § 6.1 om karaktersystemet i Forskrift om studium og eksamenar ved UiO.
Emnet har ein tilsynssensor som vurderer den totale faglege kvaliteten på emnet, inkludert vurderingsordningane.
Ein student kan klage på karakterfastsetjinga og/eller formelle feil ved eksamen.
Studentar som på grunn av gyldig fråvær (sjukdom o.l.) ikkje har kunna gjennomføre ordinær eksamen, kan søkje om å få avleggje utsett eksamen. Utsett eksamen blir halden anten seinare i same semester eller tidleg i semesteret etter ordinær eksamen. Dokumentasjon på gyldig fråvær må leggjast ved søknad om utsett eksamen, jf § 5.5 i Forskrift om studium og eksamenar ved UiO.
Studentar som har stroke på eksamen, og studentar som ønskjer å forbetre sin opphavlege karakter, får ikkje høve til å ta utsett eksamen, men må ta eksamen neste gong det blir halde ordinær eksamen i emnet.
Ein student kan framstille seg til eksamen i dette emnet inntil tre gonger. Studenten blir rekna som framstilt til eksamen dersom ho/han ikkje har trekt eksamensmeldinga si i StudentWeb innan ein gitt frist.
Ein student som har ei funksjonshemming og/eller kroniske eller akutte helseproblemer som fører til vesentlege ulemper i eksamenssituasjonen i høve til andre studentar, kan søkje om å få ein tilrettelagd eksamen. Mødrer som ammar, kan søkje om tilleggstid på eksamen.
Besøksadresse:
Niels Treschows hus, 7. et.
Postadresse:
Pb. 1003 - Blindern
0315 Oslo
Ekspedisjonstid:
Måndag - Fredag 12.30-15.00