|
||||||||||||
|
||||||||||||
Emnet omfattar fransk historie frå det 17. hundreåret og fram til la Belle Époque (dvs. 1895) og utvalde tema knytte til fransk samfunnsliv (t.d. institusjonar, innvandring, minoritetar, Frankrike og EU).
Studentane skal få ei djupare forståing av det førrevolusjonære franske samfunnet ( l'Ancien Régime ), den franske revolusjonen og utviklinga av Frankrike i det 19. hundreåret. Studentane skal få basiskunnskapar om institusjonar og samfunn og innsikt i viktige aktuelle samfunnsspørsmål som krev ei meir reflekterande og problematiserande tilnærming.
Forelesingar er opne for alle. Skal du fylgje seminar- og gruppeundervisning, må du ha undervisningsopptak til emnet.
Studentar med studierett på program eller enkeltemne må kvart semester melda seg på undervisninga i StudentWeb.
Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du lese om studietilbod og opptak til studieprogram, eller om opptak til enkeltemne med ledig kapasitet.
Det er ikkje mogeleg å ta dette emnet som privatist. Berre studentar med undervisningsopptak til emnet kan delta i undervisninga og framstelle seg til eksamen.
Generell studiekompetanse
Tre år C-språk eller to år B-språk frå vidaregåande skole eller tilsvarande. Studentar med dårlegare franskkunnskapar kan nå dette nivået ved å ta emnet FRA0100 - Fransk språkbruk 1.
Emnet er meint som ei vidareføring av FRA1501 - Fransk kulturkunnskap 1, men kan også takast som eit uavhengig emne.
Undervisninga vert gitt som 1 time forelesing og 1 time seminar i 16 veker.
Frå vårsemesteret 2008:
Undervisninga vert gitt som 2 timar forelesing/seminar i 14 veker.
Emnet har ingen obligatoriske kvalifiseringsoppgåver og inga oppmøteplikt til undervisninga.
Undervisninga går over heile semesteret i samsvar med § 4.1 i Forskrift om studium og eksamenar ved Universitetet i Oslo.
Ein student som har fått gjennomført og godkjent obligatorisk undervisning har ikkje krav på ny undervisning. Ein student som har fått undervisningsrett til eit emne, men ikkje har gjennomført og/eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har rett til ny undervisning, men fyrst når kapasitetsomsyn gjer det mogleg.
Eksamen på emnet er ei mappe som omfattar minst to oppgåver (ei i historie) på to sider à 2300 teikn, som skal godkjennast av faglærar. Studentar som får godkjent meir enn to oppgåver, avgjer sjølve kva for oppgåver som skal gå inn i mappa. Det blir halde ein avsluttande munnleg eksamen på 20-30 minutt med to sensorar (eksaminasjon i heile pensum). Karakteren blir fastsett etter ei samla vurdering av mappa og den munnlege eksamenen.
Ved fastsetjinga av karakteren tel både innhald og språkføring.
Ei ”Obligatorisk melding som vedkjem fusk”, skal fylgje med alle oppgåver som studenten leverer til vurdering.
Før du skriv oppgåver eller eksamenar, bør du lære deg reglane for rett bruk av sitat og referansar.
Oppgåvene skal skrivast på fransk, og den munnlege samtala vert halden på fransk.
Prestasjonen til studenten blir vurdert ut frå ein gradert bokstavkarakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. jf. § 6.1 om karaktersystemet i Forskrift om studium og eksamenar ved UiO.
Emnet har ein tilsynssensor som vurderer den totale faglege kvaliteten på emnet, inkludert vurderingsordningane.
Ein student kan klage på karakterfastsetjinga og/eller formelle feil ved eksamen.
Studentar som på grunn av gyldig fråvær (sjukdom o.l.) ikkje har kunna gjennomføre ordinær eksamen, kan søkje om å få avleggje utsett eksamen. Utsett eksamen blir halden anten seinare i same semester eller tidleg i semesteret etter ordinær eksamen. Dokumentasjon på gyldig fråvær må leggjast ved søknad om utsett eksamen, jf § 5.5 i Forskrift om studium og eksamenar ved UiO.
Studentar som har stroke på eksamen, og studentar som ønskjer å forbetre sin opphavlege karakter, får ikkje høve til å ta utsett eksamen, men må ta eksamen neste gong det blir halde ordinær eksamen i emnet.
Ein student kan framstille seg til eksamen i dette emnet inntil tre gonger. Studenten blir rekna som framstilt til eksamen dersom ho/han ikkje har trekt eksamensmeldinga si i StudentWeb innan ein gitt frist.
Ein student som har ei funksjonshemming og/eller kroniske eller akutte helseproblemer som fører til vesentlege ulemper i eksamenssituasjonen i høve til andre studentar, kan søkje om å få ein tilrettelagd eksamen. Mødrer som ammar, kan søkje om tilleggstid på eksamen.
Tilbakemelding frå studentane våre er avgjerande for at vi skal kunne tilby best moglege emne og studieprogram. Som student ved UiO vil du difor bli beden om å delta i ulike typar evaluering av studiekvardagen din. Vi gjennomfører fortløpande evaluering av dette emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande og detaljert evaluering, ei såkalla "periodisk evaluering" av emnet.
Besøksadresse:
Niels Treschows hus, 7. et.
Postadresse:
Pb. 1003 - Blindern
0315 Oslo
Ekspedisjonstid:
Måndag - Fredag 12.30-15.00