|
||||||||||||
|
||||||||||||
Emnet skal gi ei innføring i årsakane til den franske revolusjon, dei ulike fasane i revolusjonen (1789-1799), kva revolusjonen førte til, og korleis revolusjonen har vorte tolka i ettertid.
Studentane skal få ei djupare forståing av kva som førte til den franske revolusjon, kvifor han er så viktig i fransk historie, og kva han har hatt å seie for verda utanfor Frankrike. Studentane skal likeeins få innsikt i debatten om korleis ein skal tolke revolusjonen.
Studentar med studierett på program eller enkeltemne må kvart semester melda seg på undervisninga i StudentWeb.
Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du lese om studietilbod og opptak til studieprogram, eller om opptak til enkeltemne med ledig kapasitet.
Generell studiekompetanse.
FRA1501 - Fransk kulturkunnskap 1 og FRA1502 - Fransk kulturkunnskap 2. Ein kan òg ta emnet som eit frittståande emne.
Førelesingar og/eller seminar over fjorten veker fordelte over heile semesteret. Det blir sett av undervisningsfrie periodar til oppgåveskriving.
Innlevering av ei oppgåve på 3-4 normalsider (à 2300 teikn) som byggjer på individuelt pensum og som skal godkjennast av læraren. Heimeeksamen (3 arbeidsdagar) som byggjer på fellespensum og får bokstavkarakter.
Ved fastsetjinga av karakteren tel både innhald og språkføring.
Besøksadresse:
Niels Treschows hus, 7. et.
Postadresse:
Pb. 1003 - Blindern
0315 Oslo
Ekspedisjonstid:
Måndag - Fredag 12.30-15.00