|
||||||||||||
|
||||||||||||
Emnet legg hovudvekta på felttoget i 1939-1940, Vichy-regimet (1940-1944) og samarbeidspolitikken det stod for, heimefronten (la Résistance) og utefronten (la France libre), frigjeringa (1944-1945), rettsoppgjeret og dei utfordringane det frigjorde Frankrike stod ovanfor.
Studentane skal få innsikt i kvifor Frankrike vart knust militært og okkupert i 1940, kva Vichy-regimet stod for, kvifor og korleis heimefront og utefront voks fram, kva for rolle Frankrike spela i sluttfasen i krigen ved sida av dei allierte, kva som særpregar det franske rettsoppgjeret og starten på attreisingsarbeidet.
Studentar med studierett på program eller enkeltemne må kvart semester melda seg på undervisninga i StudentWeb.
Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du lese om studietilbod og opptak til studieprogram, eller om opptak til enkeltemne med ledig kapasitet.
Generell studiekompetanse
Byggjer på FRA1501 - Fransk kulturkunnskap 1 og FRA1502 - Fransk kulturkunnskap 2
Ein dobbelttime i veka (førelesingar og/eller seminar) i fjorten veker. Det blir sett av undervisningsfrie periodar til oppgåveskriving.
Innlevering av ei oppgåve på 3-4 normalsider (à 2300 teikn) som byggjer på individuelt pensum, og som skal godkjennast av læraren.
Heimeeksamen (3 arbeidsdagar) som byggjer på fellespensum og får bokstavkarakter.
Ved fastsetjinga av karakteren tel både innhald og språkføring.
Besøksadresse:
Niels Treschows hus, 7. et.
Postadresse:
Pb. 1003 - Blindern
0315 Oslo
Ekspedisjonstid:
Måndag - Fredag 12.30-15.00