|
||||||||||||
|
||||||||||||
Emnet skal gi ei innføring i årsakene til Algerie-krigen, ei oversikt over dei ulike fasane i krigen, ei framstilling av den politiske utviklinga i sjølve Frankrike medan krigen gjekk på, av mobiliseringa for og imot krigen på eit moralsk og ideologisk grunnlag og av prosessen som førte fram til at Algerie vart sjølvstendig og krigen vart avslutta.
Studentane skal få ei god innsikt i kva som førte til at Algerie-krigen braut ut, korleis ein kan setje denne krigen inn i den franske avkoloniseringsprosessen, kva for følgjer krigen fekk for Frankrike politisk og på andre måtar, og kvifor Algerie-krigen framleis vekkjer sterke kjensler til live i Frankrike.
Studenter med studierett på program eller enkeltemner må hvert semester søke undervisningsopptak til emner i StudentWeb.
Dersom du ikke allerede har studieplass ved UiO, kan du lese om studietilbud og opptak til program, eller om muligheten for opptak til enkeltemner med ledig kapasitet.
Generell studiekompetanse
FRA1501 - Fransk kulturkunnskap 1 og FRA1502 - Fransk kulturkunnskap 2
Ein dobbelttime i veka (førelesingar og/eller seminar) i fjorten veker fordelte over heile semesteret. Det blir sett av undervisningsfrie periodar til oppgåveskriving.
Innlevering av ei oppgåve på 3-4 normalsider (à 2300 teikn) som byggjer på individuelt pensum, og som skal godkjennast av læraren.
Heimeeksamen (3 arbeidsdagar) som byggjer på fellespensum og får bokstavkarakter.
Ved fastsetjinga av karakteren tel både innhald og språkføring.
Besøksadresse:
Niels Treschows hus, 7. et.
Postadresse:
Pb. 1003 - Blindern
0315 Oslo
Ekspedisjonstid:
Mandag - Fredag 12.30-15.00