|
||||||||||||
|
||||||||||||
Emnet gir ei innføring i Normandies naturgeografi og demografi, nærings- og arbeidsliv, institusjonar og politikk, utdannings- og mediesektor, kultur og språk.
Emnet skal gi studentane ei djupare innsikt i korleis det franske samfunnet er organisert på eit regionalt plan, og korleis dei regionale føresetnadene og særprega blir utnytta og kjem til uttrykk.
Emnet er tilrettelagt for studenter på EAS- og AAS-programmet. Andre studenter kan få plass ved ledig kapasitet.
Studentar med studierett på program eller enkeltemne må kvart semester melda seg på undervisninga i StudentWeb.
Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du lese om studietilbod og opptak til studieprogram, eller om opptak til enkeltemne med ledig kapasitet.
Min. 10 sp. i fransk.
FRA1501 eller FRA1502, La Normandie médiévale, emne (5 ECTS) gitt kvar haust av Universitetet i Caen (Sommaruniversitetet).
Ein dobbeltime ein gong i veka i 7 veker.
Innlevering av eit essay på 3-4 normalsider over eit emne som er godkjent av den emneansvarlege læraren, og ein munnleg eksamen på 20-25 minutt ved OFNEC. Begge delar får ein bokstavkarakter (skriftleg 60 %, munnleg 40 %).
Ved fastsetjinga av karakteren tel både innhald og språkføring.
Besøksadresse:
Niels Treschows hus, 7. et.
Postadresse:
Pb. 1003 - Blindern
0315 Oslo
Ekspedisjonstid:
Måndag - Fredag 12.30-15.00