|
||||||||||||
|
||||||||||||
Emnet tek for seg den rolla dei intellektuelle har spela i fransk politikk og samfunnsliv sidan Dreyfus-saka og fram til i dag. Engasjementet deira blir sett inn i sin historiske og politiske samanheng.
Studentane skal få ei god forståing av den rolla dei intellektuelle har spela i Frankrike det siste hundreåret, få innsikt i dei konfliktane dei har engasjert seg i, og forstå årsakene til engasjementet deira.
Studentar med studierett på program eller enkeltemne må kvart semester melda seg på undervisninga i StudentWeb.
Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du lese om studietilbod og opptak til studieprogram, eller om opptak til enkeltemne med ledig kapasitet.
Generell studiekompetanse.
FRA1501 - Fransk kulturkunnskap 1 og FRA1502 - Fransk kulturkunnskap 2. Emnet kan også takast som eit frittståande emne.
Ein dobbeltime ein gong i veka i 14 veker.
Innlevering av ei oppgåve på 3-4 normalsider (à 2300 teikn) som byggjer på individuelt pensum, og ein heimeeksamen av same omfang i slutten av semesteret som byggjer på fellespensum. Oppgåva og heimeeksamen tel like mykje og får ein bokstavkarakter.
Ved fastsetjinga av karakteren tel både innhald og språkføring.
Besøksadresse:
Niels Treschows hus, 7. et.
Postadresse:
Pb. 1003 - Blindern
0315 Oslo
Ekspedisjonstid:
Måndag - Fredag 12.30-15.00