|
||||||||||||||
|
||||||||||||||
Emnet tek først for seg dei økonomiske, sosiale og politiske sidene ved 30-årskrisa som fører til at den franske venstresida samlar seg i Folkefronten, vinn valet i 1936 og dannar den første sosialiststyrte regjeringa i Frankrike. Emnet tek så nærmare for seg den politikken og dei reformene Folkefronten gjennomfører for å få landet ut av krisa, til han går i oppløysing i 1938.
Studentane skal få innsikt i kva som særmerkjer 30-årskrisa i Frankrike, kvifor den splitta venstresida greier å samle seg i Folkefronten og vinne valet i 1936, kvifor politikken og reformene til Folkefronten ikkje fører fram, og kvifor Folkefronten så går i oppløysing.
Studentar med studierett på program eller enkeltemne må kvart semester melda seg på undervisninga i StudentWeb.
Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du lese om studietilbod og opptak til studieprogram, eller om opptak til enkeltemne med ledig kapasitet.
FRA1501 – Fransk kulturkunnskap 1 og FRA1502 – Fransk kulturkunnskap 2
Ein dobbelttime i veka (førelesing og/eller seminar) i fjorten veker. Det blir sett av undervisningsfrie periodar til oppgåveskriving.
Innlevering av to oppgåver, begge på 3-4 normalsider (à 2300 teikn). Den første oppgåva blir levert om lag midtvegs i semesteret og byggjer på eit individuelt pensum (1-2 verk). Den andre oppgåva blir levert i slutten av semesteret og byggjer på eit fellespensum (1 verk). Dei to oppgåvene utgjer ei mappe, der begge får ein bokstavkarakter og tel likt.
Ved fastsetjinga av karakteren tel både innhald og språkføring.
Fransk
Prestasjonen til studenten blir vurdert ut frå ein gradert bokstavkarakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. jf. § 6.1 om karaktersystemet i Forskrift om studium og eksamenar ved UiO.
Emnet har ein tilsynssensor som vurderer den totale faglege kvaliteten på emnet, inkludert vurderingsordningane.
Ein student kan klage på karakterfastsetjinga og/eller formelle feil ved eksamen.
Studentar som på grunn av gyldig fråvær (sjukdom o.l.) ikkje har kunna gjennomføre ordinær eksamen, kan søkje om å få avleggje utsett eksamen. Utsett eksamen blir halden anten seinare i same semester eller tidleg i semesteret etter ordinær eksamen. Dokumentasjon på gyldig fråvær må leggjast ved søknad om utsett eksamen, jf § 5.5 i Forskrift om studium og eksamenar ved UiO.
Studentar som har stroke på eksamen, og studentar som ønskjer å forbetre sin opphavlege karakter, får ikkje høve til å ta utsett eksamen, men må ta eksamen neste gong det blir halde ordinær eksamen i emnet.
Ein student kan framstille seg til eksamen i dette emnet inntil tre gonger. Studenten blir rekna som framstilt til eksamen dersom ho/han ikkje har trekt eksamensmeldinga si i StudentWeb innan ein gitt frist.
Ein student som har ei funksjonshemming og/eller kroniske eller akutte helseproblemer som fører til vesentlege ulemper i eksamenssituasjonen i høve til andre studentar, kan søkje om å få ein tilrettelagd eksamen. Mødrer som ammar, kan søkje om tilleggstid på eksamen.
Besøksadresse:
Niels Treschows hus, 7. et.
Postadresse:
Pb. 1003 - Blindern
0315 Oslo
Ekspedisjonstid:
Måndag - Fredag 12.30-15.00