|
||||||||||||||
|
||||||||||||||
Emnet skal presentere sentrale nasjonale heltar, som t.d. Vercingétorix, Jeanne d’Arc og de Gaulle, som har vore med på å skape det ein kan kalle fransk nasjonal identitet i moderne tid.
Studenten skal kunne gjøre greie for korleis Frankrike i det 19. og 20. hundreåret har prøvd å byggje opp sin identitet rundt såkalla nasjonale historiske heltar av begge kjønn, og korleis andre ”nasjonale heltar” har vore med på å forme denne identiteten.
Studentar med studierett på program eller enkeltemne må kvart semester melda seg på undervisninga i StudentWeb.
Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du lese om studietilbod og opptak til studieprogram, eller om opptak til enkeltemne med ledig kapasitet.
Det er ikkje mogeleg å ta dette emnet som privatist. Berre studentar med undervisningsopptak til emnet kan delta i undervisninga og framstelle seg til eksamen.
Generell studiekompetanse.
FRA1501 - Fransk kulturkunnskap 1 og FRA1502 - Fransk kulturkunnskap 2.
10 sp overlappar FRA4523
Ein dobbelttime seminar i veka (førelesingar og/eller seminar) i fjorten veker. Det blir sett av undervisningsfrie periodar til oppgåveskriving.
Studentane skal i løpet av semesteret levere ei oppgåve på 3-4 normalsider (à 2300 teikn) som byggjer på individuelt pensum, og som skal godkjennast av læraren før framstilling til eksamen. Oppgåva skal skrivast på fransk.
Godkjent undervisningsaktivitet er gyldig i inneverande og dei to neste semestera emnet vert gitt.
Undervisninga går over heile semesteret i samsvar med § 4.1 i Forskrift om studium og eksamenar ved Universitetet i Oslo.
Ein student som har fått gjennomført og godkjent obligatorisk undervisning har ikkje krav på ny undervisning. Ein student som har fått undervisningsrett til eit emne, men ikkje har gjennomført og/eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har rett til ny undervisning, men fyrst når kapasitetsomsyn gjer det mogleg.
Studenten må ha gjennomført obligatorisk undervisningsaktivitet før han eller ho kan framstille seg til eksamen.
Heimeeksamen (3 arbeidsdagar) av same omfang i slutten av semesteret som byggjer på fellespensum. Oppgåva skal skrivast på fransk.
Ved fastsetjinga av karakteren tel både innhald og språkføring.
Ei ”Obligatorisk melding som vedkjem fusk” (http://www.hf.uio.no/studier/eksamen/obligerklaering.html), skal fylgje med alle oppgåver som studenten leverer til vurdering.
Før du skriv oppgåver eller eksamenar, bør du lære deg reglane for rett bruk av sitat og referansar.
Karakteren vert kunngjort på Studentweb seinast tre veker etter eksamens-/innleveringsdato.
Prestasjonen til studenten blir vurdert ut frå ein gradert bokstavkarakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. jf. § 6.1 om karaktersystemet i Forskrift om studium og eksamenar ved UiO.
Emnet har ein tilsynssensor som vurderer den totale faglege kvaliteten på emnet, inkludert vurderingsordningane.
Ein student kan klage på karakterfastsetjinga og/eller formelle feil ved eksamen.
Studentar som på grunn av gyldig fråvær (sjukdom o.l.) ikkje har kunna gjennomføre ordinær eksamen, kan søkje om å få avleggje utsett eksamen. Utsett eksamen blir halden anten seinare i same semester eller tidleg i semesteret etter ordinær eksamen. Dokumentasjon på gyldig fråvær må leggjast ved søknad om utsett eksamen, jf § 5.5 i Forskrift om studium og eksamenar ved UiO.
Studentar som har stroke på eksamen, og studentar som ønskjer å forbetre sin opphavlege karakter, får ikkje høve til å ta utsett eksamen, men må ta eksamen neste gong det blir halde ordinær eksamen i emnet.
Ein student kan framstille seg til eksamen i dette emnet inntil tre gonger. Studenten blir rekna som framstilt til eksamen dersom ho/han ikkje har trekt eksamensmeldinga si i StudentWeb innan ein gitt frist.
Ein student som har ei funksjonshemming og/eller kroniske eller akutte helseproblemer som fører til vesentlege ulemper i eksamenssituasjonen i høve til andre studentar, kan søkje om å få ein tilrettelagd eksamen. Mødrer som ammar, kan søkje om tilleggstid på eksamen.
Tilbakemelding frå studentane våre er avgjerande for at vi skal kunne tilby best moglege emne og studieprogram. Som student ved UiO vil du difor bli beden om å delta i ulike typar evaluering av studiekvardagen din. Vi gjennomfører fortløpande evaluering av dette emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande og detaljert evaluering, ei såkalla "periodisk evaluering" av emnet.
Besøksadresse:
Niels Treschows hus, 7. et.
Postadresse:
Pb. 1003 - Blindern
0315 Oslo
Ekspedisjonstid:
Måndag - Fredag 12.30-15.00