|
||||||||||||
|
||||||||||||
Emnet tek for seg den rolla dei intellektuelle har spela i fransk politikk og samfunnsliv sidan Dreyfus-saka og fram til i dag. Engasjementet deira blir sett inn i sin historiske og politiske samanheng.
Studentane skal få ein inngåande kjennskap til kva for rolle dei intellektuelle har spela i Frankrike det siste hundreåret ved å få ei analytisk og teoretisk innsikt i dei konfliktane dei har engasjert seg i, og forstå årsakene til engasjementet deira.
Studentar med studierett på program eller enkeltemne må kvart semester melda seg på undervisninga i StudentWeb.
Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du lese om studietilbod og opptak til studieprogram, eller om opptak til enkeltemne med ledig kapasitet.
Bachelorgrad i Europeiske og amerikanske studier, studieretning Frankrike (med min. 40 studiepoeng i fransk) eller tilsvarende kunnskaper, eventuelt en BA-grad innenfor et annet program som godkjenner emnet som et masteremne. Dispensasjon for krav om 40 studiepoeng i fransk kan gis etter søknad.
Gode franskkunnskapar (tilsvarande bachelornivå innanfor emne der undervisningsspråket er fransk).
Ei dobbeltførelesing i 14 veker (undervisningsvekene 1-5, 7-10 og 12-16).
Innlevering av ei oppgåve på åtte-ti normalsider (à 2300 teikn) som byggjer på eit fellespensum og eit individuelt særpensum (samla omfang 800-1000 sider). Oppgåva får ein bokstavkarakter.
Ved fastsetjinga av karakteren tel både innhald og språkføring.
Besøksadresse:
Niels Treschows hus, 7. et.
Postadresse:
Pb. 1003 - Blindern
0315 Oslo
Ekspedisjonstid:
Måndag - Fredag 12.30-15.00