|
||||||||||||
|
||||||||||||
Emnet legg hovudvekta på felttoget i 1939-1940, Vichy-regimet (1940-1944) og samarbeidspolitikken det stod for, heimefronten (la Résistance) og utefronten (la France libre), frigjeringa (1944-1945), rettsoppgjeret og dei utfordringane det frigjorde Frankrike stod ovanfor.
Studentane skal få djupare innsikt i kvifor Frankrike vart knust militært og okkupert av Tyskland i 1940, kva Vichy-regimet stod for, kvifor og korleis heimefront og utefront voks fram, kva for rolle Frankrike spela i sluttfasen i krigen ved sida av dei allierte, og kva som særpregar det franske rettsoppgjeret og starten på attreisingsarbeidet. Etter eige val skal studentane fordjupe seg særskilt i ein del av emnet.
Studentar med studierett på program eller enkeltemne må kvart semester melda seg på undervisninga i StudentWeb.
Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du lese om studietilbod og opptak til studieprogram, eller om opptak til enkeltemne med ledig kapasitet.
Bachelorgrad i Europeiske og amerikanske studium, studieretning Frankrike (med min. 40 studiepoeng i fransk) eller tilsvarande kunnskapar, eventuelt ein BA-grad innanfor eit anna program som godkjenner emnet som eit masteremne. Dispensasjon for krav om 40 studiepoeng i fransk kan gis etter søknad.
Bachelor i Europeiske og amerikanske studier (bachelor) . Ein kan også ta emnet som eit fritt emne i ein master på eit anna program.
Ein dobbelttime i veka (førelesingar og/eller seminar) i fjorten veker. Det blir sett av undervisningsfrie periodar til oppgåveskriving.
Innlevering av ei oppgåve på åtte-ti normalsider (à 2300 teikn) som byggjer på eit fellespensum og eit individuelt særpensum (samla omfang 800-1000 sider). Oppgåva får ein bokstavkarakter.
Ved fastsetjinga av karakteren tel både innhald og språkføring.
Besøksadresse:
Niels Treschows hus, 7. et.
Postadresse:
Pb. 1003 - Blindern
0315 Oslo
Ekspedisjonstid:
Måndag - Fredag 12.30-15.00