|
||||||||||||
|
||||||||||||
Emnet skal gi ei innføring i årsakene til Algerie-krigen, ei oversikt over dei ulike fasane i krigen, ei framstilling av den politiske utviklinga i sjølve Frankrike medan krigen gjekk på, av mobiliseringa for og imot krigen på eit moralsk og ideologisk grunnlag og av prosessen som førte fram til at Algerie vart sjølvstendig og krigen vart avslutta.
Studentane skal få ei djupare teoretisk og analytisk forståing av kva som førte til at Algerie-krigen braut ut, korleis ein kan setje denne krigen inn i den franske avkoloniseringsprosessen, kva for følgjer krigen fekk for Frankrike politisk og på andre måtar, og kvifor Algerie-krigen framleis vekkjer sterke kjensler til live i Frankrike.
Studenter med studierett på program eller enkeltemner må hvert semester søke undervisningsopptak til emner i StudentWeb.
Dersom du ikke allerede har studieplass ved UiO, kan du lese om studietilbud og opptak til program, eller om muligheten for opptak til enkeltemner med ledig kapasitet.
Bachelorgrad i Europeiske og amerikanske studium, studieretning Frankrike (med min. 40 studiepoeng i fransk) eller tilsvarande kunnskapar, eventuelt ein BA-grad innanfor eit anna program som godkjenner emnet som eit masteremne. Dispensasjon for krav om 40 studiepoeng i fransk kan gis etter søknad. Ein kan også ta emnet som eit fritt emne i ein master på eit anna program.
Ein dobbelttime i veka (førelesingar og/eller seminar) i fjorten veker fordelte over heile semesteret. Det blir sett av undervisningsfrie periodar til oppgåveskriving.
Innlevering av ei oppgåve på åtte-ti normalsider (à 2300 teikn) som byggjer på fellespensum og eit særpensum. Oppgåva får ein bokstavkarakter.
Ved fastsetjinga av karakteren tel både innhald og språkføring.
Besøksadresse:
Niels Treschows hus, 7. et.
Postadresse:
Pb. 1003 - Blindern
0315 Oslo
Ekspedisjonstid:
Mandag - Fredag 12.30-15.00