|
||||||||||||
|
||||||||||||
Emnet er meint å gi ei innføring både i idégrunnlaget for kolonisering, avkolonisering og motstanden mot avkolonisering og sjølve hendingsforløpet. Studenten skal i samråd med faglæraren lese to-tre verk på fransk knytte til emnet.
Modulen skal gi ei djupare teoretisk og analytisk forståing av korleis og kvifor det franske koloniveldet voks fram i det 19. hundreåret og så gjekk i oppløysing i perioden 1945-1962, med særleg vekt på den ofte dramatiske og konfliktfylte avkoloniseringsprosessen.
Førelesningane er opne for alle.
Studentar med studierett på program eller enkeltemne må kvart semester melda seg på undervisninga i StudentWeb.
Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du lese om studietilbod og opptak til studieprogram, eller om opptak til enkeltemne med ledig kapasitet.
Det er ikkje mogeleg å ta dette emnet som privatist. Berre studentar med undervisningsopptak til emnet kan delta i undervisninga og framstelle seg til eksamen.
Bachelorgrad i europeiske og amerikanske studium, studieretning Frankrike (med min. 40 studiepoeng i fransk) eller tilsvarande kunnskapar, eventuelt ein BA-grad innanfor eit anna program som godkjenner emnet som eit masteremne. Dispensasjon for krav om 40 studiepoeng i fransk kan bli gitt etter søknad.
Bachelor i EAS (studieretning Frankrike). Ein kan også ta emnet som eit fritt emne i ein master på eit anna program.
Undervisninga blir gitt som ein time førelesing og ein time seminar i 14 veker.
Emnet har ingen obligatoriske kvalifiseringsoppgåver og inga oppmøteplikt til undervisninga.
Undervisninga går over heile semesteret i samsvar med § 4.1 i Forskrift om studium og eksamenar ved Universitetet i Oslo.
Ein student som har fått gjennomført og godkjent obligatorisk undervisning har ikkje krav på ny undervisning. Ein student som har fått undervisningsrett til eit emne, men ikkje har gjennomført og/eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har rett til ny undervisning, men fyrst når kapasitetsomsyn gjer det mogleg.
Eksamensforma i emnet er ei semesteroppgåve på 10 sider à 2300 teikn som byggjer på fellespensum og eit individuelt særpensum (samla omfang 800-1000 sider).
Ved fastsetjinga av karakteren tel både innhald og språkføring.
Ei ”Obligatorisk melding som vedkjem fusk” skal følgje med alle oppgåver som studenten leverer til vurdering.
Før du skriv oppgåver eller eksamenar, bør du lære deg reglane for rett bruk av sitat og referansar.
Du skal skrive semesteroppgåva på fransk.
Karakteren blir publisert på Studentweb seinast tre veker etter eksamens-/innleveringsdatoen
Prestasjonen til studenten blir vurdert ut frå ein gradert bokstavkarakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. jf. § 6.1 om karaktersystemet i Forskrift om studium og eksamenar ved UiO.
Emnet har ein tilsynssensor som vurderer den totale faglege kvaliteten på emnet, inkludert vurderingsordningane.
Ein student kan klage på karakterfastsetjinga og/eller formelle feil ved eksamen.
Studentar som på grunn av gyldig fråvær (sjukdom o.l.) ikkje har kunna gjennomføre ordinær eksamen, kan søkje om å få avleggje utsett eksamen. Utsett eksamen blir halden anten seinare i same semester eller tidleg i semesteret etter ordinær eksamen. Dokumentasjon på gyldig fråvær må leggjast ved søknad om utsett eksamen, jf § 5.5 i Forskrift om studium og eksamenar ved UiO.
Studentar som har stroke på eksamen, og studentar som ønskjer å forbetre sin opphavlege karakter, får ikkje høve til å ta utsett eksamen, men må ta eksamen neste gong det blir halde ordinær eksamen i emnet.
Ein student kan framstille seg til eksamen i dette emnet inntil tre gonger. Studenten blir rekna som framstilt til eksamen dersom ho/han ikkje har trekt eksamensmeldinga si i StudentWeb innan ein gitt frist.
Ein student som har ei funksjonshemming og/eller kroniske eller akutte helseproblemer som fører til vesentlege ulemper i eksamenssituasjonen i høve til andre studentar, kan søkje om å få ein tilrettelagd eksamen. Mødrer som ammar, kan søkje om tilleggstid på eksamen.
Tilbakemelding frå studentane våre er avgjerande for at vi skal kunne tilby best moglege emne og studieprogram. Som student ved UiO vil du difor bli beden om å delta i ulike typar evaluering av studiekvardagen din. Vi gjennomfører fortløpande evaluering av dette emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande og detaljert evaluering, ei såkalla "periodisk evaluering" av emnet.
Kurset må ha minst tre studentar, inga øvre grense
Besøksadresse:
Niels Treschows hus, 7. et.
Postadresse:
Pb. 1003 - Blindern
0315 Oslo
Ekspedisjonstid:
Måndag - Fredag 12.30-15.00