|
||||||||||||
Emnet skal gi ei innføring i årsakane til den franske revolusjon, dei ulike fasane i revolusjonen (1789-1799), kva revolusjonen førte til, og korleis revolusjonen har vorte tolka i ettertid.
Studentane skal få ei djupare forståing av kva som førte til den franske revolusjon, kvifor han er så viktig i fransk historie, og kva han har hatt å seie for verda utanfor Frankrike. Studentane skal likeeins få innsikt i debatten om korleis ein skal tolke revolusjonen. Studentane skal også studere ein sentral samtidig tekst, både med omsyn på korleis han tolkar samtida og kva for virkning denne teksten sjøl fekk.
Studentar med studierett på program eller enkeltemne må kvart semester melda seg på undervisninga i StudentWeb.
Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du lese om studietilbod og opptak til studieprogram, eller om opptak til enkeltemne med ledig kapasitet.
Bachelorgrad i Europeiske og amerikanske studium, studieretning Frankrike (med min. 40 studiepoeng i fransk) eller tilsvarande kunnskapar, eventuelt ein BA-grad innanfor eit anna program som godkjenner emnet som eit masteremne. Dispensasjon for krav om 40 studiepoeng i fransk kan gis etter søknad.
FRA1501 - Fransk kulturkunnskap 1 og FRA1502 - Fransk kulturkunnskap 2. Ein kan òg ta emnet som eit frittståande emne.
Førelesingar og/eller seminar over fjorten veker fordelte over heile semesteret. Det blir sett av ein undervisningsfri periode til oppgåveskriving.
Studenten skriv ei oppgåve på 8-10 sider som byggjer på eit fellespensum og eit individuelt særpensum (samla omfang 800-1000 sider). Oppgåva får ein bokstavkarakter.
Ved fastsetjinga av karakteren tel både innhald og språkføring.
Besøksadresse:
Niels Treschows hus, 7. et.
Postadresse:
Pb. 1003 - Blindern
0315 Oslo
Ekspedisjonstid:
Måndag - Fredag 12.30-15.00