|
||||||||||||
|
||||||||||||
Emnet skal presentere sentrale såkalla nasjonale heltar, som t.d. Vercingétorix, Jeanne d’Arc og de Gaulle, som har vore med på å skape det ein kan kalle fransk nasjonal identitet i moderne tid.
Emnet skal gi ei djupare forståing av korleis Frankrike i det 19. og 20. hundreåret har prøvd å byggje opp sin identitet rundt såkalla nasjonale historiske heltar, og korleis andre samtidige ”heltar” har vore med på å forme denne identiteten. Det blir lagt særskild vekt på mytane rundt dei historiske heltane, og korleis heltane frå samtida sjølve har skapt mytar.
Studentar med studierett på program eller enkeltemne må kvart semester melda seg på undervisninga i StudentWeb.
Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du lese om studietilbod og opptak til studieprogram, eller om opptak til enkeltemne med ledig kapasitet.
Det er ikkje mogeleg å ta dette emnet som privatist. Berre studentar med undervisningsopptak til emnet kan delta i undervisninga og framstelle seg til eksamen.
Bachelorgrad i Europeiske og amerikanske studium, studieretning Frankrike (med min. 40 studiepoeng i fransk) eller tilsvarande kunnskapar, eventuelt ein BA-grad innanfor eit anna program som godkjenner emnet som masteremne. Dispensasjon for krav om 40 studiepoeng i fransk kan ein få etter søknad. Ein kan også ta emnet som eit fritt emne i ein master på eit anna program.
Bachelor i EAS (studieretning Frankrike). Ein kan også ta emnet som eit fritt emne i ein master på eit anna program.
10 studiepoeng mot FRA2523 - L’identité de la France à travers ses héros nationaux.
Ein dobbelttime i veka (førelesingar og/eller seminar) i fjorten veker. Det blir sett av undervisningsfrie periodar til oppgåveskriving.
Undervisninga går over heile semesteret i samsvar med § 4.1 i Forskrift om studium og eksamenar ved Universitetet i Oslo.
Innlevering av ei semesteroppgåve i slutten av semesteret på 10 normalsider (à 2300 teikn). Oppgåva må skrivast på fransk.
Ved fastsetjinga av karakteren tel både innhald og språkføring.
Før du skriv oppgåver eller eksamenar, bør du lære deg reglane for rett bruk av sitat og referansar.
Karakteren publiseres på Studentweb senest tre uker etter eksamens-/innleveringsdato.
Prestasjonen til studenten blir vurdert ut frå ein gradert bokstavkarakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. jf. § 6.1 om karaktersystemet i Forskrift om studium og eksamenar ved UiO.
Emnet har ein tilsynssensor som vurderer den totale faglege kvaliteten på emnet, inkludert vurderingsordningane.
Ein student kan klage på karakterfastsetjinga og/eller formelle feil ved eksamen.
Studentar som på grunn av gyldig fråvær (sjukdom o.l.) ikkje har kunna gjennomføre ordinær eksamen, kan søkje om å få avleggje utsett eksamen. Utsett eksamen blir halden anten seinare i same semester eller tidleg i semesteret etter ordinær eksamen. Dokumentasjon på gyldig fråvær må leggjast ved søknad om utsett eksamen, jf § 5.5 i Forskrift om studium og eksamenar ved UiO.
Studentar som har stroke på eksamen, og studentar som ønskjer å forbetre sin opphavlege karakter, får ikkje høve til å ta utsett eksamen, men må ta eksamen neste gong det blir halde ordinær eksamen i emnet.
Ein student kan framstille seg til eksamen i dette emnet inntil tre gonger. Studenten blir rekna som framstilt til eksamen dersom ho/han ikkje har trekt eksamensmeldinga si i StudentWeb innan ein gitt frist.
Ein student som har ei funksjonshemming og/eller kroniske eller akutte helseproblemer som fører til vesentlege ulemper i eksamenssituasjonen i høve til andre studentar, kan søkje om å få ein tilrettelagd eksamen. Mødrer som ammar, kan søkje om tilleggstid på eksamen.
Tilbakemelding frå studentane våre er avgjerande for at vi skal kunne tilby best moglege emne og studieprogram. Som student ved UiO vil du difor bli beden om å delta i ulike typar evaluering av studiekvardagen din. Vi gjennomfører fortløpande evaluering av dette emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande og detaljert evaluering, ei såkalla "periodisk evaluering" av emnet.
Besøksadresse:
Niels Treschows hus, 7. et.
Postadresse:
Pb. 1003 - Blindern
0315 Oslo
Ekspedisjonstid:
Måndag - Fredag 12.30-15.00