Blomstringsvarsel 2015

Blomstringa er i gang i Tromsø arktisk-alpine botaniske hage i Breivika. Vi har blomstringsvarsler hele sommeren

GÅ IKKE GLIPP AV DISSE DENNE UKE:

1.  Hageaurikkelsamlinga! Den på biletet under er kun kjent frå ein hage i Mellomveien i Tromsø, som ein rest frå den gamle aurikkeldyrkinga som har vore på veg ut frå hagane. Men denne er bevart, er såkalla ‘Plantearven-plante’, støtta av Norsk Genressurs-senter, for og bevarest og formerest kun ved deling. Den står lengst til høgre i det øvste aurikkel-beddet.  
 

Hageaurikkel som stammer fra Mellomveien i Tromsø. Foto: Arve Elvebakk

 
2.  Inni Arktis-dalen, halvvegs opp i nordskråninga, ein puteforma smørblomster som er ein av hagens sjeldnaste artar. Det er polarnyresoleie (Ranunculus wilanderi), kjent frå ein einaste lokalitet i heile verda, ved Kapp Thordsen på Svalbard, med ± 50 individ! Snart avblomstra. Mykje kolavalmue (Papaver lapponicum) spreidd omkring.
 
3.  Knallblå vårsøter i søtesamlinga. De første store, klokkeforma alpesøtene har også starta blomstringa.
 
4.  Dei puteforma sildrene  – blomstring enno, men litt på hell. Like ved: Den flotte, kvitblomstra og puteforma minneblomen/forglemmegei (Myosotis cf. pulvinaris) og ein stor, gul smørblomster (R. insignis) frå New Zealand.
 
5.  For dei spesielt interesserte: Ei gul primula frå det indre av Kina i haugen nede til venstre for fossen i full blomstring no er truleg ein art som er ukjent for vitskapen.

Blomstringsvarsel 1 - 2015

Blomstringsvarsel 2 - 2015

Blomstringsvarsel 3 - 2015

Norsk flagg  The flag of United Kingdom  Die deutsche Flagge   Le Pavillon français  La bandera española

Finne våre museer

Kart over Tromsø Tromsø Museum Botanisk hage Polarmuseet Polarstjerna

Museets 4 lokasjoner

Skip to main content