Studiet bygger på bachelorgraden i filosofi, det er allmenndanande samtidig som krava til refleksjonsnivå er høgare. Studenten sin evne til å analysere, argumentere, sjå problem frå ulike vinklar, gripe samanhengar og uttrykke seg klart og presist vert oppøvde. Studiet gir kunnskap og verktøy til å arbeide med grunnleggande filosofiske tema og forstå betydninga og konsekvensane av ulike grunntilnærmingar til filosofiske spørsmål. I studiet inngår jamvel ei fordjuping i eitt eller fleire tidsaktuelle tema.
| Varighet: | 2 År |
| Studiested: | Tromsø |
| Studiepoeng: | 120 |
| Gradsnavn: | Master i filosofi |
| Opptakskrav: | Bachelorgrad eller tilsvarende i filosofi |
| Søknadsfrist: | 15. april/1. november |
| Søknadskode: | 5037 |
Oppbygging av studiet:
Mastergradsprogrammet i filosofi er bygd opp av tre obligatoriske emne på 20 studiepoeng, filosofiens natur, filosofi og samtidsaktuelle tema og sjølvvalt emne, og ei masteroppgåve på 60 studiepoeng.
Progresjon i studiet:
Vi rår studentane til å arbeide med oppgåva parallelt med at dei tar dei obligatoriske emna dei tre første semestera og konsentrerer seg heilt om oppgåva det siste semesteret. Arbeidet med oppgåva bør ein kome i gang med i samarbeid med rettleiaren alt frå første semester. I dette semesteret tar ein difor Sjølvvalt emne.
Etter fullført studium og oppnådd grad skal studentane ha desse læringsresultata:
Kunnskapar og forståing:
Ferdigheiter:
Kompetanse:
For opptak til masterstudiet i filosofi krev ein avlagd bachelorgrad med ei fordjuping på minimum 80 studiepoeng i filosofi eller tilsvarande. Fordjupinga skal ha ein gitt studieprogresjon. Det blir sett eit fagleg minstekrav for opptak på karakteren C, som blir rekna ut frå eit gjennomsnitt av karakterane i fordjupingsemna.
Undervisningsformer:
Undervisninga blir gitt i form av førelesingar og seminar. I større grad enn ved bachelorstudiet forventar ein aktiv deltaking frå studentane.
Eksamen og vurdering:
Eksamen består hovudsakleg av heimeeksamen. Ved mastergradseksamen vil det òg vere munnleg eksamen.
Studiet kvalifiserer for arbeidsoppgåver som set krav til refleksjon og analytisk tenking, arbeid med å formulere føresetnader og trekke konsekvensar, sjå problem og moglege løysingar, evne til å orientere seg kritisk og sjølvstendig, og som inneber skriftleg framstilling av kompliserte grunngjevings- og årsaks- og verknadssamanhengar. Slik kompetanse har også overføringsverdi i forhold til andre felt.
Desse kvalifikasjonane vil gjere ein eigna for arbeid innafor kultur og samfunnsliv, arbeid ved museum, bibliotek, forlag, i statleg og kommunal forvaltning, privat næringsliv, utgreiingsarbeid og undervisning.
Med mastergrad i filosofi i kombinasjon med andre undervisningsfag på bachelornivå er ein formelt kvalifisert for undervisning i vidaregåande skule.
Lektorutdanning:
Dersom ein har bachelorgrad med eit skulefag i tillegg til filosofi, som grunnlag for mastergraden, vil ein med mastergrad etter å ha tatt praktisk-pedagogisk utdanning heiltid eller deltid (60 stp.), bli lektor i filosofi med eitt fag i tillegg.