Blomstringsvarsel fra 5. august


Blomstringsvarsel 8-2015, (5. aug. →) i Tromsø arktisk-alpine botaniske hage – GÅ IKKJE GLIPP AV:

 

1.   Den kinesiske søta Gentiana hexaphylla. Den står i sørskråninga av søtesamlinga, saman med naboarten G. arethusae.

Den kinesiske søta Gentiana hexaphylla. Foto: Arve Elvebakk, Tromsø Museum - Universitetsmuseet


2.    Sildrene i bergfrue-seksjonen. Dei blomstrar no på sildreryggen og ned i den nye nordlege sildredalen. Vi har aldri sett eit større eksemplar av den pyreneiske langbladsildra (S. longifolia) enn den som blomstrar der akkurat no.
 
3.    Høgstauder mange stader i hagen, serleg blant dei nord-norske tradisjonsplantane. Augustnøkleblom (Primula florindae) dufter veldig godt, serleg i primula-samlinga, der det er mykje av den.
 
4.    Ormehodearten Echium russicum i Kaukasus. Det er ein meterhøg plante med aks som blir større kvart år, og har ei rar brunleg –raud farge. Den er omgitt av mykje riddarspore og mange artar blåklokke.   
 
5.    Finnmarksplanten silkenellik (Dianthus superbus) i Arktis-dalen.
 
6.    Og for dei spesielt interesserte: Midt inne i Sibir-skråninga står det ein rar korgplante som ein rosett med heilt sitjande gule korger. Det er den sentral-asiatiske Inula rhizocephala.

Få utskriftsvennlig versjon ved å trykke på denne
Informasjon
     
Starter:
05.08.15 kl. 00:00
Slutter:
23.08.15 kl. 00:00
Hvor:
Botanisk hage
Målgruppe:
Alle
Vedlegg / Bilder
Highlights-8-2015
LOGG INN / LOGG UT
Skip to main content