Internkontroll
Personopplysingslova krev at verksemder som behandlar personopplysingar
også skal etablere eit system for internkontroll. Dette inneber blant
anna at den behandlingsansvarlege skal sørgje for å ha kjennskap
til gjeldande reglar om behandling av personopplysingar samt ha tilstrekkeleg
og oppdatert dokumentasjon for rutinar og tiltak som er sette i gong for
å sikre at reglane blir etterlevde. Dokumentasjonen skal vere
tilgjengeleg for tilsette i verksemda og Datatilsynet.
Den behandlingsansvarlege skal etablere og halde ved
like planlagte og systematiske tiltak som er nødvendige for å
oppfylle krava i lova. Omfanget av internkontrollsystemet skal tilpassast
arten, aktivitetane og storleiken til verksemda
|
LEIINGA
Ansvar
Leiinga i verksemda har ansvaret for at behandlinga skjer slik lova krev. Blant
anna skal det sikrast at opplysingane som behandlast skal vere oppdaterte,
korrekte, tilstrekkelege og relevante sedde i forhold til formålet med
behandlinga. Vidare skal ikkje opplysingane bli lagra lenger enn
nødvendig.
Overordna mål og strategi
Leiinga har ansvar for å utarbeide mål og strategi for arbeidet med
behandlinga av personopplysingar. Målet må minst tilfredsstille
krava i personopplysingslova. Leiinga til verksemda skal utarbeide strategi for
å oppnå måla.
Leiinga sin gjennomgang
Leiinga skal med jamne mellomrom gjennomgå mål, strategi og
organisering. Dersom eigenkontrollen avdekkjer avvik skal dette behandlast i
samsvar med rutinen for avviksbehandling.
INTERNREVISJON
I internrevisjonen skal det vurderast om den avgjorde strategien blir
etterlevd. Ved slik revisjon skal verksemda sjølv kontrollere at:
- måla er tilstrekkelege til å oppfylle lova sine krav
- rutinane er tilstrekkelege til å oppfylle lova sine krav
- rutinane blir nytta og fungerer etter formålet sitt.
ORGANISERI NG AV ARBEIDET MED PERSONOPPLYSINGAR
Det skal utarbeidast oversikt over kva behandlingar verksemda
gjennomfører. Ansvar og myndigheitsforhold i organisasjonen skal vere
avklarte.
Rutinar
Verksemda må ha rutinar som sikrar at pliktene etter lova blir oppfylte,
samt at dei registrerte kan handheve rettane sine. Ei oversikt over nokre av
rutinane som er nødvendige er lista opp i forskrifta § 3-1.
Avviksbehandling
Avvik oppstår når det ikkje er samsvar mellom rutinane og den
praktiske gjennomføringa. Avvik skal handterast etter ein rutine for
avviksbehandling. Eit eksempel på avvik kan vere at krav om innsyn ikkje
blir teke til følgje i tilfelle der rutinen tilseier at innsyn skal bli
gitt.
DOKUMENTASJON
Internkontrollsystemet skal dokumenterast for den eigne bruken til
verksemda. Dokumentasjonen skal vere tilgjengeleg for tilsette og Datatilsynet.
INFORMASJONSTRYGGLEIK
Personopplysingslova (§ 13) og forskrifta (kap. 2) beskriv dei delane
av internkontrollsystemet som skal ha som mål å oppnå
tilfredsstillande informasjonstryggleik.

Datatilsynet - 28.12.2000 |