|
Simon Andreassen er tidlegare datastudent ved HiÅ
Eg har alltid vore interessert i data,og eg bestemte meg for å studere data eit par år før eg byrja på Høgskolen i Ålesund.
Eg hadde ikkje lyst til å studere i ein storby, så for meg var Ålesund passande stor. I tillegg er det ein fantastisk natur på Sunnmøre, der det er kort veg til mellom anna spennande fjellturar og padleturar.
Etter endt utdanning har eg vore så heldig å fått meg jobb i eit firma som heiter Scarp, der oppgavene mine består hovudsakleg av programmering med Java og mot SAP. Opphaldet mitt på høgskulen har gjort at eg er meir førebudd på kva som kan vente meg i arbeidslivet, og jobben tilsvarar i stor grad utdanninga mi. |