Fortsatt Forskning
Av Eva Marie Haugen tirsdag 23. oktober 2006
Studentenes Landsforbund og Studentparlamentet i Finnmark sett fokus på forsking i høgskulesektoren og markerer dette med aksjonen ”Fortsatt Forskning” 15. november. Vi aksjonerar for god studentaktiv forsking og mot forslaget til statsbudsjettet 2007.
![]() |
Fortsatt Forskning vil vere ein landsomfattande aksjon gjennomført av Studentenes Landsforbund og dei lokale medlemsinstitusjonane. Studentparlamentet i Finnmark vil markere dagen ved å ha ein vaffelstand i glassgata, samt å ha eit seminar der to av høgskulen sine forelesarar presenterer sin forskning.
AKSJON: Aksjon for Fortsatt Forskning 15. november. |
Kvifor Fortsatt Forskning?
Fordi regjeringa foreslår å kutte 273,4 millioner kroner i basisløyva til universiteta og høgskulene.
Fordi regjeringa ikkje ynskjer å bevilge midlar til ein einaste ny stipendiatstilling.
Fagleg kvalitet
Alle er einige om at verdiskapinga må skje spreidd over heile landet. Ved mange av våre høgskuler skjer det i dag viktig verdiskaping. Mange fagmiljø er diverre også langt unna å tilfredsstille krav til fagleg kompetanse som vert stilt av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT).
Dette er blant anna eit resultat av den kontinuerlige skeivfordelinga av midlar til forsking som blir praktisert i universitet- og høgskulesektoren. Studentenes Landsforbund meiner dette gir uheldige konsekvensar både for kvaliteten på profesjonsutdanningane, busetnad og verdiskapinga i distrikta.
Høgskulane har gjennom lova om universitet og høgskuler fått et stort ansvar når det gjeld utvikling i regionane og profesjonsforsking. Studentenes Landsforbund ønskjer å være med å gjere det mogleg for høgskulene å møte desse forventingane.
| Skriv ut - | Sideoversikt - | Standardversjon |
| Oppdatert av Jørn E. Gåsvær 25.10.2006 |