Fortsatt Forskning

Av Eva Marie Haugen tirsdag 23. oktober 2006

Studentenes Landsforbund og Studentparlamentet i Finnmark sett fokus på forsking i høgskulesektoren og markerer dette med aksjonen ”Fortsatt Forskning” 15. november. Vi aksjonerar for god studentaktiv forsking og mot forslaget til statsbudsjettet 2007.

Fortsatt Forskning vil vere ein landsomfattande aksjon gjennomført av Studentenes Landsforbund og dei lokale medlemsinstitusjonane.

Studentparlamentet i Finnmark vil markere dagen ved å ha ein vaffelstand i glassgata, samt å ha eit seminar der to av høgskulen sine forelesarar presenterer sin forskning.

 

AKSJON: Aksjon for Fortsatt Forskning 15. november.

Kvifor Fortsatt Forskning?
Fordi regjeringa foreslår å kutte 273,4 millioner kroner i basisløyva til universiteta og høgskulene.
Fordi regjeringa ikkje ynskjer å bevilge midlar til ein einaste ny stipendiatstilling.

Fagleg kvalitet

Alle er einige om at verdiskapinga må skje spreidd over heile landet. Ved mange av våre høgskuler skjer det i dag viktig verdiskaping. Mange fagmiljø er diverre også langt unna å tilfredsstille krav til fagleg kompetanse som vert stilt av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT).


Dette er blant anna eit resultat av den kontinuerlige skeivfordelinga av midlar til forsking som blir praktisert i universitet- og høgskulesektoren. Studentenes Landsforbund meiner dette gir uheldige konsekvensar både for kvaliteten på profesjonsutdanningane, busetnad og verdiskapinga  i distrikta.


Høgskulane har gjennom lova om universitet og høgskuler fått et stort ansvar når det gjeld utvikling i regionane og profesjonsforsking. Studentenes Landsforbund ønskjer å være med å gjere det mogleg for høgskulene å møte desse forventingane.