|
Vedlegg
Studentavis ved Høgskolen i OsloDette er en kopi av sakspapirene fra sak 55/03!
Etter at studentavisa Tiger Tidene gjekk over til å bli studentmagasinet Baksete har det oppstått ein debatt rundt innhald, organisering og økonomi av studentavis/magasin ved HiO. På sist møte i Forsamlinga vart det løyvt 25 000 kr til drift av Baksete. Under debatten kom det ein del forskjellige innspel til redaksjonen av Baksete.
Styre ønskjer ein generell debatt om studentavis ved HiO. Denne saka er ikkje om Baksete i det heile. Styret ønskjer at Forsamlinga skal legge nokre prinsipp for organisering, innhald og økonomi for denne typen undergruppe ved HiO. Dette vil lette samarbeidet mellom studentparlamentet og studentavisa i framtida. Styret ønskjer å sikre at midlar overført til studentavisa blir brukt på ein så god måte som mogleg.
Styret ønskjer at studentparlamentet i 2004 skal satse på studentavis for å etablere ein god redaksjon, auka framtidig rekruttering og styrkje studentidentiteten ved Høgskolen i Oslo. Denne satsinga skal skje gjennom auka økonomisk støtte, godt samarbeid mellom studentavisa, studentparlamentet, og HiO sentralt.
Som eit utgangspunkt ønskjer styret at Forsamlinga skal slå fast to prinsipp:
·Studentparlamentet ønskjer at Høgskolen i Oslo skal ha studentavis/magasin av høg kvalitet av og for studentar.
·Studentparlamentet skal vere med og støtte drifta av studentavisa gjennom økonomiske løyvingar og representasjon i studentavisstyret.
Styret ønskjer å ta opp tre tema:
·Organisering
·Økonomi
·Innhald
Organisering
I dag består studentmagasinet av ein redaksjon som er å rekne for ei undergruppe ved HiO på lik linje med, til dømes, Nedslaget. Redaksjonen består av interesserte medarbeidarar som ønskjer å jobbe med studentmagasin. Styret ønskjer å ta utgangspunkt i dagens studentmagasin og redaksjon og etablere ein ny styringsstruktur for studentavisa.
Forslag til struktur:
Styre i studentavisa
Styret i studentparlamentet meinar at studentavisa skal organiserast med eit styre. Styret skal ha det overordna ansvar for drift av studentavisa. Styret skal ha ansvar for økonomi, strategi og redaksjonen. Styret har ikkje direkte myndigheit over innhaldet i studentavisa, men kan vere med å bestemme målsetning samt gje tilbakemeldingar på innhaldet. Styret skal bestå av fem personar. Redaktør, representant frå redaksjonen, representant frå studentparlamentet, representant frå administrasjonen ved HiO og student utan tilknyting til studentparlamentet. Studenten skal veljast ved urneval kvar haust (for 2004 må ein komme fram til ein alternativ metode for å plukke ut studenten). Styret skal møtest 3-4 gonger i semesteret. Styret har ansvar for budsjett og rekneskap.
Redaksjonen
Redaksjonen har ansvaret for innhaldet og produksjon av studentavisa. Redaksjonen bør bestå av studentar som ønskjer å jobbe med studentavis og få journalistisk erfaring. Redaksjonen sin øverste leiar er redaktør. Redaktøren har ansvaret for dagleg drift av studentavisa og innhaldet i kvart enkelt nummer. Styret kan vedta å honorere redaktør og andre i redaksjonen.
Økonomi
Dei siste åra har Forsamlinga gjennom sitt budsjettet gjort to vedtak som seier kor mykje økonomisk støtte som skal løyvast til (1) drift og (2) trykking av studentavisa. Forsamlinga vedtok i september 2003, gjennom revidert budsjett, å flytte alle driftsmidlar frå budsjettpost "studentavis" til posten for "kulturfond" slik at studentavisa vart likestilt med andre undergrupper ved HiO. Dette vart også gjort for at studentavisa skulle søke om midlar etter behov. Studentparlamentet vil i 2004 derfor forholde seg til søknadar med budsjett og rekneskap frå studentavisa.
Trykkeriutgifter har dei siste åra blitt dekka frå ein sentral pott som består av 10 kr per student per semester. Dette tilsvara ca 90 000 kr per semester og 180 000 kr per år. Det er Forsamlinga som fattar vedtak om korleis denne potten skal brukast på budsjettmøte jan/feb. Potten er i utgangspunktet ikkje øyremerka trykking. Styret meinar at denne potten også i framtida skal brukast til trykking av studentavis. Eit studentavisstyret vil få ansvaret for korleis summen frå potten skal fordelast. Styrt må ta stilling til faktorar som ant. utgivingar, kvalitet og opplag.
Styret vil gå inn for fortsatt støtte til drift av studentavis ved HiO. Studentavisa skal vere eit bærekraftig bidrag til og for studentar ved HiO. For å nå dette målet må det økonomisk satsas ekstra på studentavis dei neste åra.
Innhald
Styret meinar at studentparlamentet verken skal eller kan legge seg opp i innhaldet i studentavisa slik at ein bevarar ein redaksjonell fridom. Styret meinar likevel at det skal leggast premissar for drifta gjennom oppretting av studentavisstyre. Forsamlinga kan gjennom sin representant i styret gje signal i forhold til innhald og profil.
Forslag til vedtak:
Forsamlinga i studentparlamentet har lagt desse prinsippa til grunn for drift av studentavis ved Høgskolen i Oslo:
·Studentparlamentet ønskjer at Høgskolen i Oslo skal ha studentavis/magasin av høgkvalitet av og for studentar.
·Studentparlamentet skal vere med og støtte drifta av studentavisa gjennom økonomiske løyvingar og representasjon i styret.
·Studentparlamentet krev at det blir etablerert eit styre som har det overordna ansvaret for studentavisa f.o.m. 1. januar 2004.
·Studentavisa ved HiO skal på lik linje med andre undergrupper søke studentparlamentet skriftleg om støtte med vedlagt budsjett og rekneskap i ettertid.
·Studentparlamentet ønskjer at trykkeriutgiftene også i framtida kan dekkjast frå "matrialpotten". Midlane skal disponerast i forhold til bestemmingar fatta i studentavisstyret. Forsamlinga vedtek kvart år på sitt fyrste møte kor mykje av potten skal gå til trykking
·Studentparlamentet skal ikkje kunne styre innhaldet av studentavisa. Studentparlamentet ønskjer å signalisere at ei studentavis av og for HiO sine studentar, med økonomisk støtte frå studentparlamentet, skal ha eit innhald som reflekterer HiO og studentane på HiO.
Oppdatert: 26. april 2004
|