Avslutningar er det mange av-
Det rasla søljer i kilovis over golvet i aulaen sist fredag, og det var stas for tusenvis av kroner som vart synt fram. Mange kloke ord vart sagt, og representanten for studentane Alice Telset Tverberg, heldt ein tale som i tillegg til å vera klok var både morosam og tankevekkjande. Det fekk ho ståande applaus for.
Etter at studentane hadde fått si rose, og var takka for alt, dansa dei ut til tonane av Valdresmarsjen. Vi ønskjer dei alt godt, lukke til, og håper dei kjem heftig tilbake på etter- og vidareutdanningane våre -
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
for eksempel til Vidareutdanning i fysioterapi for barn. Der har det nemleg også vore avslutning, og nå for fjerde kull. Dette er ei vidareutdanning på deltid på 30 studiepoeng. Studentane her kjem frå store delar av Noreg. Her var det avsluttande eksamen 6. og 7. juni og avslutning her på høgskolen.
Denne vesle tassen er ein del av undervisningsmaterialet på vidareutdanninga. han ser då ganske blid og nøgd ut?




