Sommaravslutninga

Jan Lervik spelar trompet
Herleg spekemat til alle, svingande tonar frå HiO-bandet, og gilde folk på alle kantar, sakna ingen ting eg. Dekanen sakna mikrofon og måtte opp på ein stol for å få ønskt oss god sommar, men stolar var det jo nok av.
Festlokalet var området mellom Katti Anker Møllers hus og Elisabeths Lampes hus der vi får over/under eller midt-i-mellomgang seinare eingong, når omrokeringa har rokert seg på plass.
Allsang, musikk og glade folk - så heldige vi er som har så trivelege kolleger. Kanskje du kjenner nokon her? Kanskje du er med sjølv?
Med ei så triveleg sommaravslutning må då sommaren bli god også, rett og slett nødt!
![]() Plassen sett ovanfrå |
![]() Trine Grønn og Aslaug Hafskjold ønska velkommen |
![]() Maten var lekker |
![]() Og svoltne var vi |
![]() Glade folk på alle kantar |
![]() Og vi var meir svoltne |
![]() Og vi åt |
![]() Bandet var der |
![]() Vi åt meir |
![]() Vi åt endå meir |
![]() Og vi åt endå mykje meir |
![]() Men vi blei mette! |
















