Personalseminaret 2005

gjekk i år føre seg 25 og 26. oktober P44 på Bislett

Trine Grønn, eit svært motviljug fødselsdagsbarn, innleidde om dei krav og utfordringar som møter oss i tida som kjem.
Siri Almås orienterte om NOKUT, og vi fekk alle prøva oss på eit lite spørjeskjema om NOKUT og alt dets vesen.  Ho snakka også om Handbok for administrative prosedyrer og kvifor den var viktig både for oss og for NOKUT.

Svein Møthe snakka om forskningsbasert undervisning. Han fortalde også om korleis eit slikt NOKUTbesøk kunne arta seg, og testintervjua Nina B. Rigault.
Anne Marte Klubbenes orienterte om studentperspektivet på arbeidet med kvalitetssikringssystem.

Dagen etter hadde vi besøk frå Nasjonalt kunnskapsenter for helsetjenesten. Signe Flottorp og Arild Bjørndal  innleidde om korleis vi kan ha nytte og glede av kvarandre, og kva som er kunnskapsbasert praksis.

Studieleiarane innleidde om sine utdanningar, og kva utfordringar dei ville møta framover.
Seminaret blei avslutta med festlunsj i festsalen med underhaldning av ein urbanisert totning. Han hadde sett seg inn i litt av kvart, og let til å vera kjend med både NOKUT og administrative prosedyrar. Morosamt var det!.