Utanlandsrekord for ergoterapeutane

Når nokon har vore på reise då har dei mykje å fortelja. Studentane på ergoterapeututdanninga har reist både vidt og breidt. 35 prosent av studentane har hatt studieopphald i utlandet, og dette er rekord for utdanninga.

Studentane har vore i England, Spania, Guatemala, Namibia, Libanon, Chile, Litauen, Australia  og Sør-Korea

ergo chile

Gruppa frå Chile

Måndag 16. januar fortalde nokre grupper som hadde vore i Chile, Namibia og Libanon, medstudentane på utdanninga kva dei hadde opplevd og lært i sin tre månader lange praksisperiode. Gruppa frå Chile hadde arbeidd i Santiago på ein privat nevrologisk  klinikk Studentane var  imponerte over det høge faglege nivået på dei tilsette ergoterapeutane. Dei lærte mykje om kartlegging og intervensjon av nevrologisk sjukdom, dei lærte  å vera kreative og å tenkja raskt. Dei kunne ein del spansk frå før, noko som er absolutt nødvendig i Chile.

Studentane som hadde vore i Windhoek Namibia var også positivt overraska over den faglege standarden dei møtte. Praksisstaden deira var på sjukehus der dei jobba med  opptrening av personar med lammelser eller ryggmargsskader. Dei vart kasta rett ut i arbeidet. Her var lite struktur i prosessen, men det var svært flinke fagfolk omkring dei. Det viktigaste dei lærte var å tåla å ta utfordringar og å stola på seg sjølv og si eiga dømmekraft.

ergo namibia

Gruppa frå Namibia

ergo libanon

Gruppa frå Libanon

Gruppa frå Libanon arbeidde på eit senter for palestinske flyktningar som vart drive av  Norsk Folkehjelp. Her var mykje CP og  ryggmargsskader. På grunn av ufred kom dei ikkje ut til flyktningeleirane i landet. Senteret hadde ikkje mykje ressursar og utstyr. Kulturforskjellane var merkbare og sidan ingen av studentane snakka arabisk var det ikkje alltid like lett å kommunisera. Dei lærte mykje om kartlegging,  å velja riktige aktivitetar til pasientane, og å nytta dei ressursene som fanst.

Studentane la alle vekt på det store faglege utbyttet dei hadde hatt i praksistida.

 I tillegg  fekk dei også reist rundt i landet der dei var i praksis. Dei fekk sjå  vakker og spennande natur, ville dyr, dei koste seg med bading , soling og eksotisk mat,  og møtte framande kulturar og  overveldande gjestfrie menneske.  Reis ut og lær folkens!

ergo utenlands

Alle studentane som har hatt praksis i utlandet.