Kineserane kjem!
På fredag presenterte dei seg sjølve for oss på avdelinga .
Dei var alle frå China Rehabilition Research /Disabled Persons Fed. Social Service Center som ligg i Beijing.
Professor Li Jianjun er administrerande direktør ved senteret og dekan ved sjukehuset som er tilknytta dette senteret. Han har bakgrunn som spesialist i rehabilitering av skader i ryggraden, og som professor ved rehabilitering ved det medisinske fakultetet ved universitetet i Beijing.
Han har publisert mykje i kinesiske medisinske tidsskrift og er medlem i mange akademiske organisasjonar i Kina.

Astrid Bergland, Jennifer Zhang Hong og Huang Wei
Jennifer Zhang Hong er doktor i radiologi og leier det internasjonale arbeidet ved senteret. Ho er direktør for undervisnings- og forskingsseksjonen ved avdeling for rehabilitering ved det medisinske fakultet ved universitetet. Ho har også arbeidd som doktor i radiologi og har spesialisert seg på ryggrad og skader på ryggraden.
Huang Wei er kvotestudent. Ho er fysioterapeut ved det same rehabiliteringssenteret som dei to andre, og går nå på norskkurs på Høgskulen i Telemark i Bø. Ho skal begynna på masterstudiet vårt i rehabilitering når ho er ferdig der.
Eg prata litt med Huang Wei som er fødd, oppvaksen og til og med gift i Beijing, om korleis det var å koma til vesle grisgrendte Norge frå ein slik millionby. I følgje Wikipedia bur det nå godt over 14 millionar menneske i Beijing. Huang Wei fortalde at ho hadde vore i Irland tidlegare, og hadde venta at vi i Norge var temmeleg like dei, vi er då europearar?
Men ho opplevde oss som mykje meir reserverte og tilbaketrukne. Vi var slett ikkje så lette å bli kjende med, sa ho. Språket er sjølvsagt heller ikkje så lett, men ho treivst og hadde vener i Bø og tykte masteren i rehab verka spennande.
Kva kan avdeling HF få ut av dette samarbeidet?
Siste dagen var det sett av god tid til å ha fokus på kva det kan være aktuelt å samarbeida om mellom Avdeling for helsefag og China Rehabilitation and Research Center (CRRC) i Beijing. Både Jorid Grimeland og Berit Tveit har tidlegare besøkt dette senteret i Beijing og hadde lagt eit viktig grunnlag for ein god dialog.

Trine Grønn og Aslaug Hafskjold i samtale med Huang Wei
Begge partar ga ein nærare presentasjon av verksomda si, og dekan Trine Grønn la spesielt vekt på at samarbeidet bør knyttast til avdelinga si satsing innan rehabilitering på masternivå og innan folkehelsearbeid og forsking. CRRC var også opptekne av om det var mogleg å få til samarbeid om kurs- og studieutvikling og utveksling innan fysioterapi, ergoterapi og ortopediingeniørfag. Dette er tre svært unge profesjonar i rehabiliteringsarbeidet i Kina, men særs viktige innan communitybased rehabilitation (CBR) og utviklinga av institusjonshelsetenesta. Professor Li og dekan Grønn ble einige om kva for hovudpunkt som skal inn i ein intensjonsavtale om samarbeid, og at eit gjenbesøk til CRRC innan eitt år vil vera eit viktig startsignal.
[tekst og bilete Idun Stokka]




