|
Nyhetsbrev 4
Torsdag 30. mars 2006
Tema:
- Landsmøtet i StL
- Studiestart 06
- Tillitsvaldkveld
- Vurderar du å ta delar av utdanninga i utlandet?
- Val til ny leiar og nestleiar i studentparlamentet
- Ny kaffibar i P46
- Studentservice
Landsmøtet i StL 23.-26. mars representerte 13 delegater HiO på StL sitt landsmøte. Landsmøtet vedtok blant anna nytt prinsipprogram, og eit arbeidsprogram for det nyvalde styret. I prinssipprogrammet var det særleg prinsippa rundt opptakskrav og studiefinansiering som vakte størst debatt. HiO sine delegat var aktive deltakarar og fikk til slutt gjennom sine syn i fleire av sakene. Du kan lese meir om sakene som blei omhandla og vedtatt på www.stlweb.no
Studiestart 06 Studentparlamentet er i gang med å planleggje studiestart. Vi har oppretta ei studiestartsside her: www.hio.no/studentparlamentet/studiestart_06
Det er endå litt tynt med informasjon, men dette skal vi rette på utover våren. Det viktigaste no er lista over fadderansvarlege på dei forskjellige avdelingane: www.hio.no/content/view/full/44629
Og det som nesten er like viktig – skaffe faddrar til hausten! Ønskjer du å vere fadder, eller kjenner du nokon som kunne tenkje seg dette er det berre å sende ein e-post til fadderansvarlig ved din avdeling eller ta kontakt med studentparlamentet.
Tillitsvaldkveld Måndag 3. april arrangerar studentparlamentet tillitsvaldkveld for alle tillitsvalde på HiO. Det blir vaflar, foredrag ved leiar for Senter for profesjonsstudiar (SPS), orienteringar og middag. Fristen for å melde seg på er ute, men har du eit intenst ønskje om å delta må du ta kontakt med studentparlamentet
Altså: Måndag 3. april, kl 16.00, auditorium V130 i P44
Vurderar du å ta delar av utdanninga i utlandet? Møt verda på Samfunnet måndag 24. april kl 19.00 Studentparlamentet og internasjonalt kontor arrangerar internasjonal kverld på Samfunnet med fokus på internasjonalisering og muligheitane for å ta delar av utdanning i utlandet.
Denne kvelden kan du møte:
- internasjonale studentar på utveksling til HiO
- internasjonale rettleiarar frå internasjonalt kontor og avdelingane
- norske studentar som har vore ute
I tillegg kan du smake mat frå heile verda og prøve deg på dans frå Hellas og Frankrike.
Val til ny leiar og nestleiar i studentparlamentet På forsamlingsmøtet tysdag 30. mai skal det veljast ny leiar og nestleiar til studentparlamentet. Forsamlinga har vedtatt at ein ønskjer ein valperiode som går frå sommar til sommar for dei to leiarverva. For at det skal bli val treng valkomiteen aktuelle kandidatar. Kunne du tenkje deg ei heiltidsstilling som studentpolitikar ved HiO, eller kjenner du nokon som hadde passa? Ta kontakt med studentparlamentet.
Ny kaffibar i P46 Romskipet har landa og det er no mulig å kjøpe seg deilig kaffi i P46 laga av ein profesjonell barista.
Studentservice Har du vore i studentservice i P46? Kva synst du? Studentparlamentet kunne tenkje seg tilbakemeldinga på tilbodet.
|