Hf-studentar i trapper og gangar!

Måndag og tysdag myldra det av studentar i trapper og gangar i P 50 og P 44. Posterpresentasjon i samband med eksamen i Fellesmodul 1 var årsaken til dette.

Dette er første gong posterpresentasjon er ein del av eksamen i Fellesmodul 1. Denne  gongen er  gruppene samansett av studentar frå same utdanning.

Det var imponerande mange flotte posters med fikse tilnærmingar til problemstillingane. Her har vi plukka ut nokre ganske få.

Fysio4

Fysio 4 Anette, Maja Lise og Kristine

Øvst i Katti Anker Møllers hus møter vi ei gruppe frå fysioterapeututdanninga.Emnet deira var kommunikasjon og samhandling. Dei har klistra og limt og laga plakat sjølv og følte dei har lært mykje i prosessen.Dei påpeikte at det vart lite lesetid fram mot eksamen,  og den reaksjonen møtte vi hos fleire av dei andre studentane.

Sigrid, Kaja og Miriam

Mensendieck 1 Sigrid, Kaja og Miriam

 Mensendieck 1 hadde laga poster om nonverbal kommunikasjon. Her kunne du trekkja lapp og tippa på ansiktsuttrykk. (Eg fekk nesten rett!)

tanntekniikk 2

Tann 2 Renas og Mirjam

I Lampehuset var det også stor aktivitet. Ei gruppe frå tanntekniker utdanninga gav oss mafiafrysningar med ein lekker plakat der emne var økonomi og etikk innanfor helsefag. 
Gruppa frå bioingeniørutdanninga er den siste vi får med her.

Deira poster var om korleis feil kan oppstå i bioingeniøryrket og korleis ein handterer dette.
Slitsamt og gøy, sa dei det hadde vore.

Bio4

Bio 4 Bak til venstre Kjetil og Erik, framfor dei Rouya, Tahira og Caroline

Fellesmodulane