Måling av fysisk aktivitet hos eldre menneske
Alt dette og meir til fekk du høyra om dersom du var så heldig å vere i auditoriet i P 46 måndag 26. september. Her arrangert Thenapa II i samarbeid med Høgskolen i Oslo ein europeisk konferanse med tittelen:
"The State of the Art of Assessment of Physical Activity in Elderly People “
Organisasjonskomite og initiativtakerer til workshopen var Astrid Bergland og Birgitta Langhammer frå Avdeling for helsefag, og dei tok i mot 80 personar frå ti land. Representanter fra 4 EU nettverk knyttet til eldre var til stede.
Eit emne av stor sosial relevans
Rektor Per Lileengen ønskte velkommen, og peikte på at arrangørane hadde vald eit emne som både var av stor fagleg og forskingsmessig verdi, i tillegg var det av svært stor sosial verdi. HiO vil styrka fokus på aldring. Vi vert stadig eldre i Europa og auka livslengd krev betre fysisk form.

Herman Van Coppenolle
Om TheNapa II
Professor Herman van Coppenolle, fra universitetet i Leuven i Belgia helsa frå Thenapa II (som står for “Ageing and disability – a new crossing between physical activity, social inclusion and life-long well-being”) . Han fortalde om det tverrfaglege nettverket TheNapa II som fokuserte på fysisk aktivitet for eldre menneske i Europa. Høgskolen i Oslo, avdeling for helsefag er med i dette nettverket ved representatetene Astrid Bergland og Birgitta Langhammer. I disse dager sender nettverket inn et forslag til en europeisk mastergrad om aldring og tilpassing av fysisk aktivitet ved universitetet til EU kommisjonen.
Moderat aktivitet
Frå Sosial og helsedirektoratet kom Olof Belander Han snakka i eit folkehelseperspektiv om kva sjukdommar ein kunne unngå ved å vera fysisk aktiv. Moderat aktivitet er viktig for folkehelsa. Nordmenn er blitt mindre fysisk aktive. Belander snakka om ein plan for fysisk aktivitet og om å finna måtar å overvåke den fysiske aktiviteten på.
Ageism og annan diskriminering
Nina Waaler Loland frå Nasjonalt kunskapssenter for helsetenesta var ein av

Nina Waaler Loland
hovudtalarane. Hennar tema var vurdering av fysisk aktivitet hos eldre:
Kvifor ein ønskjer å vurdera
Korleis ein kan gjera det.
Samansettinga av populasjonen endrar seg, vi vert fleire eldre, dei eldre vert eldre og det vert færre barn.
Diskriminering av eldre er ikkje uvanleg. Media fokuserer på kor mykje dei kostar ivelferdsstaten, og kor mykje dei krev av helsetenestene våre.
"Ageism "kalla ho det, ei diskriminering av menneske på grunn av alder. Vi har rasisme som er diskriminering pga av rase, sexisme som er diskriminering pga kjønn.
Ho siterte også Gro Harlem Brundtland i at Aldringa i populasjonen er ei suksesshistorie for offentleg helsevesen.
Når vert du gammal?
Mange eldre menneske er aktive. Men når er ein aktiv og korleis måler ein aktivitetsnivået?
Er du aktiv når du gjer anna enn å liggja heilt stilt? Eller må du ha opp puls og pesa litt for å reknast som aktiv?
Kronologisk alder er ikkje alltid den rette måten å seia nok om ein persons helsetilstand. Ein syttiåring kan vera svært sprek, veit vi.
Nina Loland peikte på nokre utfordrringar i forsking på dette fagfeltet:
Vi må sjå på aktivitetsnivået blant eldre
Vi må sjå på trendar i fysisk aktiivitet blant eldre
Vi må sjå på korleis anbefalingane (30 minutt moderat trening om dagen) vert følgde.
Vi treng finna reiskap for å måle fysisk aktivitet
1.Klar definisjon på kva som er fysisk aktivitet
2. Korleis måle nivået på den fysiske aktiviteten
3. Alderspesifisitet- når er du eldre? Helsestaus er viktigare enn kronologisk helse, og eldre menneske er ei svært heterogen gruppe
Spørjeskjema og fysisk aktivitet
Ein annan hovudtalar var Karim Abu-Omar frå Institutt for idrettsvitskap ved Friedrich-

Karim Abu-Omar
Alexander universitet i Erlangen-Nürnberg i Tyskland.
Frå eit folkehelsesynspunkt er det svært relevant å overvåka dei ulike nivå av fysisk aktivitet i befolkningen.
Det er viktig å identifisera trendar i nivået på den fysiske aktiviteten og skaffa data som gjer at ein kan evaluera om den offentlege politikken når måla sine relatert til slike overvåkingssystem.
I seinare år har ein lagt vekt på å standardisera den internasjonale bruken av eit måleinstrument for å vurdera helsestatus ECHI European Community Health Indicators.
Det er også utvikla internasjonale spørjeskjema innanfor dette feltet. Desse har stort sett den middelaldrande populasjonen som målgruppe, og er av avgrensa nytteverdi for måling av fysisk aktivitet for eldre menneske.
Presentasjonne til Abu-Omar ga ei oversikt over tilgjengelege europeiske data om fysisk aktivitet blant eldre menneske og kva dette inneber. Han påpeikte begrensinigane i bruken av dei nåverande instrumenta og kasta lys over nokre retningar for framtidig forsking innanfor dette feltet..
Golfspelarar ti år etter
Golfspelarar vart også utsett for forsking. Her var det Stockholmsuniversitetet v/ Broman som la fram sine resultat.
Alder og livskvalitet i Hellas
Siste del av dagen var det greske eldre som stod i fokus. Aldring i forhold til kjønn hos eldre. Fysisk aktivitet blant eldre grekarar mellom 60 og 90 år.

Salen var entusiastisk
Årvisst arrangement på HiO?
Vellukka var det, seminaret. Og Astrid Bergland og Birgitta Langhammer arrangerer så gjerne til neste år også!




