FoU-maraton ved avdeling Helsefag
![]() Astrid Bergland med full kontroll |
Tysdag 17. oktober var HF forskarane i fokus. Frå kl. ni om morgonen til fire om ettermiddagen fekk i alt fjorten HF-forskarar presentert arbeida sine. Dei fekk ti minutt kvar og fem minutt til spørsmål. FoU-koordinator Astrid Bergland styrte dagen med fast og inspirert hand, og hadde alt taima og tilrettelagt til siste minutt. Dagens gjest var Jens-Christian Smeby frå SPS. Han snakka om profesjonsstudiet som forskningsfelt. Professor Per Solvang fortalde så om prosjektet sitt: Rehabilitering som konflikt og om den komande mastergraden i rehabilitering. |
![]() Jens-Christian Smeby frå SPS |
Etter lunsj hadde vi også besøk av Vibeke Moe og Kjersti Sjaatil frå HiOs nyetablerte FoU-administrasjon.
Vi var ca 100 i salen og programmet var tett, spennande og engasjerande. Forelesarane hadde lagt vekt på formidlinga, og på å gjera seg forståelege også utanfor sitt eige fagområde.

Full sal og full konsentrasjon






