Forbetringskunnskap eller kunsten å dra seg sjølv opp etter håret.

INgrid Hage
Ingrid Hage frå Betanien sjukepleierhøgskole i Bergen innleidde med å fortelja om den nasjonale strategien for kvalitetsbetring i sosial og helsetenesta. Denne strategien er utarbeidd av Sosial og helsedirektoratet og Hage har sjølv vore med i ressursgruppa.
Utgangspunktet er at helsetenesta ikkje er så god som ein kunne ønskja.
Både, struktur, prosess og kultur i helsetenesta burde bli betre, og kulturen er kanskje det det er mest vanskeleg å gjera noko med.
Ingrid Hage ville ha forbetringskunnskap inn i utdanningane. Ho har sjølv arbeidd med dette i Bergen og viste eksempel på bruk av metoden.
Metoden tek utgangspunkt i at det einaste vi veit vi kan greia å endra er oss sjølve. Dette verktøyet skal også gjera oss i stand til å endra arbeidsplassen vi jobber på.
I Fellesmodul 1 på bachelorutdanningane her på HF, er forbetringskunnskapen teken inn som ein del. Ein praksisstad HF samarbeider med, har også synt interesse for å bruka forbetringskunnskap i studentane sin praksisperiode.
Anne-Grete Skjellanger frå Sosial og Helsedirektoratet orienterte om direktoratet sin nasjonale strategi:
http://www.ogbedreskaldetbli.no/ som har tidsramme frå 2005 til 2015. Ho orienterte også meir om teknikken som ligg bak forbetringskunnskap som verktøy.
Vi fekk prøva oss på eit personleg forbetringsprosjekt, dette var ein måte å testa verktøyet på. Som Hage sa er det kanskje lettare å endra seg sjølv enn andre.

Hans Asbjørn Holm, Inger Hage og Anne-Grete Skjellanger
Seinare på dagen fortalde Hans Asbjørn Holm frå Den norske Lægeforening om medisinerstudentane ved UiO sin modul om kvalitetsforbetring. Den heiter : "Undervisning om kunnskapshåndtering, kvalitetsforbedring og ledelse." Målet er å gjera ein god jobb og å forbetra jobben ein gjer. Dette er ein del av praksisen i medisinstudiet: studenten skal læra faget samstundes som ho lærer å forstå og å forbetra prosessane som utgjer dei systema dei jobber innanfor.
Etter denne økta fekk vi også prøva oss i grupper etter utdanning - korleis kan vi gjera dette hos oss?
Under oppsummeringa synte det seg at fleire utdanningar alt var begynt. Nokre hadde sett seg klare mål, dei hadde fastsett neste møte, og var i gang med å gjera seg sjølv og utdanninga betre.




