Hjem / Enheter / Avdeling for helsefag (HF) / For tilsatte / Nytt og nyttig / Ny, tverrfagleg, internasjonal modul ved avdeling HF

Ny, tverrfagleg, internasjonal modul ved avdeling HF

- blir til ved hjelp av HiO-ressurser !
Inger-Lise Neslein frå bioingeniørutdanninga og Cecilie Landmark frå reseptarutdanninga må representera oppfyllinga av alle HiOs mest heftige draumar nett nå.

Dei er nesten ferdige med ein modul på ti studiepoeng til bachelorutdanningane sine som

  • er tverrfagleg
  • er engelskspråkleg og dermed internasjonal
  • er utvikla gjennom HiOs  ENNY-kurs

Oppstarten var for to år sidan då Cecilie og Inger-Lise som begge er internasjonale kontaktar for sine utdanningar fekk kontor ved sida av kvarandre, og begynte å snakka saman om eit mogleg samarbeid mellom dei to utdanningane.

Felles bakgrunn - tverrfagleg?

Bioingeniørar og reseptarar har heilt forskjellige arbeidsoppgåver, men mykje av den

Landmark og Neslein

Cecilie Johannessen Landmark og Inger-Lise Neslein

faglege bakgrunnen er lik. Dei to utdanningane tilhøyrer same studieleiarområde ved avdelinga, og her er mange felles punkt som ein kunne få meir ut av ved eit nærare samarbeid, meiner dei to.

I studieplanen for dei to utdanningane ligg at dei skal ha ein sjølvvald modul på ti studiepoeng  i femte semester på bachelorutdanninga. Kva om dei kunne laga ein modul saman med emne frå eit område som låg innanfor begge utdanningane ?

Sidan dei begge er internasjonale kontaktar for sine utdanningar var det naturleg å tenkja at modulen burde vera på engelsk.

På den måten ville dei

  • spara tid og arbeid – i forhold til å måtta laga kvar sin modul
  • få eit mykje større studentgrunnlag for modulen  i tillegg til eigne studentar er modulen interessant for studentar frå andre land, og som etterutdanning for bioingeniørar og reseptarar, den er også fin som ei førebuing til masteren i biomedisin
  • eit spennande tverrfagleg område for både studentar og vitskapleg/undervisningspersonale å jobba med

Prosjektleiarkurs i regi av ENNY

Våren 2006 starta HiOs ENNY (Enhet for nyutvikling) opp sine første prosjektleiarkurs.

Dette første kurset brukte Inger-Lise og Cecilie til å utvikla studieplan for modulen..

Dei fekk tid på kurset til å jobba med studieplanen , samstundes fekk dei nyttige innspel på det dei gjorde etterkvart.

 På det andre kurset fokuserte dei på målgruppene. Dei gjorde ein marknadsanalyse blant studentane  for å få vita kva dei tykte var relevant, kva slag krav og forventningar  dei hadde. Dei bygde også opp eit internasjonalt nettverk med kontaktar med universitetet i Adelaide i  Australia, Alberta i Canada og Karlstad i Sverige. Dei har vore både i Canada og Australia, og Karlstad. Karlstad er eit viktig knutepunkt i Skandinavia, og gjennom denne kontakten får dei kontakt med andre høgskolar og universitet .

Marknadsføring var også eit emne her, og begge to har blant anna vore i kontakt med sine respektive tidsskrift.

Det tredje prosjektleiarkurset begynner nå, og går på implementering og drift av prosjektet

Inger-Lise og Cecilie roser ENNY-kursa . Dei er verkeleg gode og har gitt dei  akkurat dei innspela dei trong på det tidspunktet  det var nødvendig.

Det faglege innhaldet i modulen

laboratoriearbeid

Laboratoriearbeid

”Drug Monitoring and Analysis” heiter modulen. På norsk vert dette monitorering og analysering av legemiddel og rusmiddel.

Modulen gir ei innføring i klinisk farmasøytisk farmakodynamikk og analyse av legemiddel/rusmiddel basert på minst to års studier på lågare grad innan relevante område.
Etter denne modulen vil studenten vera vel førebudd til å gå vidare på studier på dette fagområdet eller å begynna på masterstudiet i biomedisin. Kurset er relevant for alle som arbeider ved sjukehusapotek, medisinske laboratorier og i farmasøytisk industri. Dette skal vera eit kurs som er relevant for bachelorstudentar i farmasi, i bioingeniørfag, og for internasjonale studentar. Modulen er også nyttig som etterutdanning for farmasøytar og bioingeniørar.

Ny studieplan medfører at modulen kjem i gang alt hausten 2007 ved reseptarutdanninga.  Bioingeniørutdanninga tek først i bruk modulen om to år.

Suksessfaktorar

Det er ein fordel at vi trivst i lag og liker å jobba saman seier Inger-Lise og Cecilie. Personlege relasjonar er viktige, det må også finnast vilje og evne til å sjå samanhengar på tvers av utdanningar.  At ENNY kursa begynte då dei gjorde  var også eit lukketreff. I tillegg har vi fått strategimiddel som blei brukt til nettverksbygging og reiser.