Hjem / Enheter / Avdeling for helsefag (HF) / For tilsatte / Nytt og nyttig / Åpen dag på HiO - eller alt det vi håper å greia oss uten.

Åpen dag på HiO - eller alt det vi håper å greia oss uten.

Åttende mars var det åpen dag her på HiO og Hf hadde sine stands saman med sjukepleiarutdanninga i auditorium 3.

Besøksrekord  på HiOs åpne dag denne gongen, og vi håper jo at nokre av dei som kom innom kjem tilbake som studentar til hausten.

bio stand

Soheila stod på stand for bio

tannteknikerstand

Martin arbeider med ei avstøyping

ortopediongeniørstand

Ida og Jo med armar og bein

Hos Soheila Sadeghi på bioingeniørstanden kunne vi få sjå skumle kreftceller i mikroskopet. Soheila kan godt tenkja seg å arbeida  ved eit sjukehuslaboratorium, ho jobbar på sjukehus nå, og let seg slett ikkje skremme av skumle kreftceller. "Fint å  få vera med å gjera folk friske" seier ho

Martin Karlsen sat og pirka på noko som kanskje skulle bli ei krone, medan gassflammen brann blått  ved sida av han. Tannteknikerstanden hadde eit rikt utval av forskjellig type protetikk å syna fram. Her gjeld det å ta vare på tennene sine, folkens.

Hos Ina Dybvig og Jo Glømmi Bergman på ortopediingeniørstanden fekk vi prøva ein armprotese. Clouet var å plukka snop med den. Det var to punkt inni armen som fekk handa til å åpne og lukke seg. Tenk å laga noko slikt då?  Grueleg vanskeleg å bruka var det også,  mykje lettare å få tak i snop utan.

radiografstand

Sima Sadeghi, Laila Ruteig og Gry Vindedal på radiografstanden

Ergoterapeutane demonstrerte rullestol og strømpepåtrekkingshjelpereiskap.

Hos radiografane fekk vi sjå bruk av kontrastvæske i nyreregionen pluss ein særs vakker, tredimensjonal , temmeleg knust skulderknokkel dreia sakte rundt.

Bruk av gymball

Gymball for mensendieckstudentane Hans Åge Aandahl og Kari Marte Bjerke

Reseptarane hadde stand  nærast døra, og hanka tak i dei som kom inn i auditoriet. Dei synte film om framstilling av legemiddel.

På fysiostanden var det mensendieckstudentane som gjorde mest av seg denne gongen. Og med deira sportslege  tilskunding om å ta vare på kroppen så ein ikkje har bruk for så mykje ekstra deler, avslutter vi her.

Og ønskjer alle potensielle studentar hjarteleg velkomne til våre studier  til hausten