Aktiveringstiltak for mottakarar av sosialhjelp

10 studiepoeng

Activation measures targeted at recipients of social assistance

Mål

Gjennom arbeidet med emnet skal studentane tileigne seg innsikt i ulike former for aktive tiltak som kommunane og NAV- kontora set i verk.

Gjennom døme frå utanlandsk og norsk tiltaksarbeid vil studentane bli kjent med sentrale dilemma knytt til denne type tiltak, og kva effektar desse kan ha både med omsyn til arbeidsinkludering og livskvalitet.

Innhald

Emnet gir innsikt i bakgrunnen for og iverksetjinga av ”arbeidslinja i sosialhjelpa”. Ved å vise til døme i andre land og den seinare tids utvikling i Noreg, vil kurset også omfatte andre tiltak enn dei som har overgang til ordinært arbeid som mål. Dette inkluderer både rehabiliteringstiltak, nettverkstiltak og sosial aktivering. Studentane får både teoretisk og praktisk innsikt i systematisk kartleggingsarbeid; bruk av individuell plan (IP); forsking om iverksetjing av, og effektar av ulike typar tiltak for ulike målgrupper. Med utgangspunkt i nasjonale forsøk, internasjonale erfaringar og føreliggande planar vil det bli lagt særskilt vekt på kva følgjer innføringa av NAV- reforma og Kvalifiseringsprogrammet kan ha for sosialt arbeid i den kommunale sosialtenesta.

Organisering og arbeidsformer

Undervisinga vekslar mellom forelesingar av faglærar og gjesteforelesar, diskusjonar og gruppearbeid.

Studie- /arbeidskrav
Det er obligatorisk deltaking i litteraturkollokvium med framlegging av sentral litteratur i temaet.

Vurdering

Studentane skal ha 6 timers skuleeksamen. Det blir gjeve graderte karakterar frå A til E , A for bestått og F for ikkje bestått. Det vert nytta intern sensor (faglærar). Ekstern sensor vert nytta ved 20 prosent av eksamenssvara og ved tvil om eksamen er bestått.