Mappevurdering i sjukepleie 2 - nynorsk tekst

Mappevurdering i sjukepleie 2, kull 05

Delirium førekjem hyppig som komplikasjon til demenstilstader hjå eldre og kan lett forvekslast med ein akutt psykose. I følgje ei ny norsk undersøking presentert i Aftenposten 8.1.2007 har 80% av pasientane på sjukeheim demens. Førekomst av delirium er om lag 25% av desse. (Kjelde: Psykiatri, Snoek og Engedal) sjukepleiaren er sentral i høve til å identifisere og hjelpe pasienten i denne akutte situasjonen.

a)      Beskriv kva delirium er og drøft korleis ein kan skilje delirium frå akutt psykose og demenstilstander hjå eldre

b)      I forhold til delirium må sjukepleiaren vurdere sine handlingar innanfor tre område: Hjelp med ein gang, kommunikasjon med pasienten og tilrettelegging av terapeutisk miljø. Gjer greie for kva vurderingar du vil knytte  til relevante intervensjonar innanfor desse tre områda. Set intervensjonane inn i sjukepleieteoretisk råme.

Kunnskap frå studieoppgåve 6 og 7 skal brukast i svaret. For studentar som leverer presentasjonsmappa i samsvar med førre års undervisningsplan (kull 04), skal kunnskap frå studiekrava 2 og 5 nyttast i svaret.

Svaret vert vurdert ut frå følgjande kriterier:

·        1 Visar fagleg innsikt

·        2 Brukar anerkjent og relevant litteratur

·        9 Føl retningsliner for oppgåveskriving

·        13 Brukar relevant forskingslitteratur

·        18 Visar etisk refleksjon

·        19 Visar sjukepleieteoretisk feste

Lengde: 3000 ord +/- 20%

For meir informasjon sjå: retningslinjer for hjemmeeksamener

http://www.hio.no/content/view/full/25898

Både heimeeksamen og dei to (2) studieoppgåvene skal ligge i vurderingsmappa.

Vurderingsmappa skal leverast i Pilestredet 48, Eva Balkes hus 7.juni klokka 10.00

Svaret skal leverast i eitt samanstifta eksemplar. Ringperm, plastmapper og liknande skal ikkje nyttast.