Hjem / Enheter / Avdeling for helsefag (HF) / For tilsatte / Nytt og nyttig / Storbesøk på personalmøtet ved Avdeling for helsefag.

Storbesøk på personalmøtet ved Avdeling for helsefag.

Sjølvaste størstesjefa: vår nye rektor Sissel Østberg med to prorektorar Per Arne Olsen og Trine B. Haugen, var på vitjing på det første personalmøtet nå i september.
Auditorium G 418 var fullt, vi hadde forstått at det var viktig å møta her.

Nina Waaler Loland opna med å vedgå at ho treivst både på HF og HiO, og angra slett ikkje at ho hadde teke på seg oppgåva å vera dekan på denne avdelinga. Ho lova å besøka dei fleste tilsette i løpet av kort tid.

Per Arne Olsen spelte eit vakkert musikkstykke av Mozart på tverrfløyte, det gjekk i blankaste C-dur – noko han sa var ein svært optimistisk toneart

Per Arne Olsen

Per Arne Olsen i blank C-dur

og symboliserte sjølve rektoratet sin optimisme framfor den komande perioden.

Østberg understrekte mangfaldet på HF, og peikte på korleis avdelinga la vekt på samarbeid med andre avdelingar. Ho skrytte av modulen i vitskapsteori som er sams for dei to masterane på HF. Dette er eit førebilete for andre avdelingar.

Viktige saker for HF framover.

Østberg opna for ønskje frå salen: Kva var dei mest viktige sakene for HF i komande studieår og som vi meinte rektoratet burde følgje opp? Her følgjer noko av det vi på HF tykkjer er viktig framover :

gangbru, eit synleg rektorat, fleirkulturelt aspekt i kvardagen på HiO, internasjonalisering som ein del av bachelor/master, profesjonar i fokus – ingen tverrfaglegheit utan profesjonell faglegheit, praksisplassar – samabeid med helseføretak for å få gode praksisplassar, tverrprofesjonelle prosjekt for å spegle kvardagen i arbeidslivet, finansieringsordninga ved praksis, integrering av kunnskap frå fellesmodulane inn i studiet

Og kva tykkjer vi er viktig for HiO?

International Public Health skal kunne veljast av alle på HiO, systematisert engelskundervisning for tilsette og studentar på HiO, systematisert omsetting av fagstoff til engelsk for nettsidene, samarbeid med andre institusjonar om joint degrees, skilt på engelsk på høgskoleområdet.

Kva med tilhøvet mellom vidareutdanningane og mastergradene? Østberg peikte på at vi hadde mange masterstudieum med få studentar. Vi må få opp studenttalet opp på dei masterstudiene vi alt har. Mange av vidareutdanningane våre er svært ettertrakta og spesielt innan helsemiljøet er det viktig at vi fortsatt har dei.

Høgskole eller profesjonsuniversitet

Ambisjonane våre bør vera dei same, anten vi vert universitet eller ikkje, rett og slett fordi vi er så store meinte rektor. Rektoratet håper at vi greier å

Nina Waaler Loland

Nina Waaler Loland ønskjer dialogforum

få akkreditert ein ny PhD i løpet av desse fire åra.

Nye leiarar

Sidsel Graff-Iversen – den nye leiaren for avdelingsstyret presenterte seg og fortalde om sine ønskjer for tida framover. Ho såg seg sjølv som ei slags Tante Sofie som mellom anna hadde tenkt å halda oss i øyrene, og såg absolutt lyst på samarbeidet. Graff-Iversen er medisinar og forskar på Folkehelseinstituttet .

Tormod A. Furuseth vår nye avdelingsdirektør, kjem frå avdeling EST og før det frå konservatoriet. Han har utdanning i musikk, og har alt fått tilbod om å vera fast forsongar på bursdagssongane i administrasjonen i femte. Han treivst han også, sa han og hadde ambisjonar på vegne av studia på HF. Det er stor konkurranse på utdanningssektoren.

Personalmøtene

Nina Waaler Loland legg opp til personalmøter to gonger i semesteret. Ho ønskjer at personalmøtet skal vera eit dialogforum, og tek gjerne i mot innspel frå oss. Neste personalmøte vert på personalseminaret på Kongsberg.