Master i rehabilitering - endeleg i gang.
Sist måndag var dei fleste av dei pluss fagleg og administrativt personale samla i auditoriet i Elisabeth Lampes hus. Professor Per Solvang ønskte oss hjarteleg velkomen.
Funksjonshemming som nøkkelkategori
Funksjonshemming er blitt ein sosial nøkkelkategori dei siste åra, sa han. Kanskje meir viktig
enn kjønn og klasse. I tråd med dette er veks

Professor Per Solvang (Foto: Idun Stokka)
rehabilitering fram som ein nøkkelterm i norsk politikk.
Vi ser funksjonshemma som har svært vanskelege kår, og slike som er med i mediabiletet på ein postiv måte, t.d Cato Zahl Pedersen.
På fagfeltete rehab har det skjedd ei endring. Endringa gjeld brukaren si rolle. Brukaren er nå med å definera korleis rehabiliteringa skjer.
Den sosiale modellen av funksjonshemming er sentralt i forskningspolitikken. Samstundes handlar det framleis om den sårbare kroppen. Og der er den helsefaglege kunnskapen og kompetansen avgjerande for livssituasjonen til dei funksjonshemma. Desse to stolpane i feltet, samfunn og helse, kjenneteikner Masterstudiet i rehab. Både gjennom den faglege bakgrunnen til staben, som i tillegg til å vera helsefagleg og samfunnsfagleg, også har innslag frå det humanistiske fagfeltet Samankoblinga av helse- og samfunnsvitskapleg tilnærming vil prega heile studieløpet.
Studiet blei utlyst alt for seint, det var likevel 60 søkjarar til dei 20 plassene – det er tydeleg at nokon har venta på at vi skulle koma i gang med dette.
Respekt for mennesket
Studieleiar Nina Bugge Rigault la vekt på respekten for, og trua på mennesket som det grunnleggande for denne tverrfaglege masteren. Ho gav også

Sigrid Østensjø, Bjørg Fallang, Ingvild Øien og Nina Waaler Loland (Foto: Idun Stokka)
eit kort oversyn over den ti år
gamle historien bak masteren. I si tid var det Helse og sosialdepartementet som ba oss leggje til rette for tverrfaglege landsdekkjande kurs i rehabilitering. Vi har også hatt vidareutdanning i rehabilitering. Høgskolen i Bodø fekk sin master i rehab i 2005. HiO har hatt sine rundar med Nokut før masterstudiet nå endeleg vart godkjent av NOKUT i vår.
Kritiske deltakarar
Dekan Nina Waaler Loland tok den høgtidelege, offisielle og endelege opninga. Ho fortalde studentane at dei var historiske, og at det blei forventa mykje av dei. Fordjupninga i studiet gjeld barn og eldre. For barn er eiga deltaking i samfunnet viktig for utvikling av eigen identitet. For eldre er det viktig å ha eit verdig liv.
Ho ba studentane vera årvåkne, diskutera med og utfordra forelesarane og vera kritiske deltakarar i det fellesskapet som eit slik masterstudium skaper.
Om studiet
Master i rehabilitering fordjuping barn og eldre er ei deltids masterutdanning over tre år.

Studentar og forelesarar - master i rehabilitering (Foto:Idun Stokka)
Professor Per Solvang og førsteamanuensis Sigrid Østensjø er fagleg ansvarlege for studiet. Forelesarar er (i tilfeldig rekkefølgje): stipendiat Halvor Melbye Hanisch, stipendiat Inger Marie Lid, førsteamanuensis Bjørg Fallang, professor Astrid Bergland, førstelektor Ingvild Øien og stipendiat Jan Grue.
Master i rehabilitering lenke til studiekatalogen




