Hjem / Enheter / Avdeling for helsefag (HF) / For tilsatte / Nytt og nyttig / Digital historie ein ny måte å formidle på?

Digital historie ein ny måte å formidle på?

Sjølv om champagnen var brus og blei servert i plastglas, var det heilt klart ein viss glamourfaktor over premierefesten.

Det var premierefest det var denne aller første framføringa av digitale historiar laga av studentane på International Public Health. Den raude løparen låg stilt og fint på linoleumen i rom G 418 og let som om han høyrde til der.

Effektiv formidling av viktige bodskap

Prosjektkoordinator Jorid Grimeland ønskte velkomen til urframføringa av desse historiane. Det er viktig for helsearbeidarar å kunna formidla og presentera

plastglas med brus

Champagne på HiO-vis. Glamour? (foto:Idun Stokka)

problemstillingar på ein kort og effektiv måte, sa ho. Bodskapet må bli forstått og hugsa av politikarar og arbeidsgjevarar, det er dei som bestemmer og tek dei viktige avgjerdene. Lange dokument vert fort lagde bort. Den digilate fortelijinga skal vera "an eyeopener for decision makers".

Samarbeid på tvers av avdelingar

Det er drygt seksti HF-studentar med på dette prosjektet, dei fleste av dei frå fysioterapeututdanningane, fordelt på elleve grupper. Desse studentane har skrive og produsert små filmbitar der dei klargjer helseproblem i samfunnet. Dei har fått rettleiing av 3.årsstudentar på Media og kommunikasjonsstudiet ved JBI. Det er første gong vi har hatt eit slikt samarbeid mellom JBI-studentar og studentar på HF.

Enhet for nyutvikling ENNY har også vore med på samarbeidet.

Sjølve filmsnuttane var korte, det var brukt stills av forskjellig slag, forteljarstemme og musikk.

Fleire henta tema frå Afrika sine svoltkatastrofar og epidemiar. Mange tok utgangspunkt i velferdssjukdommane i den rike del av verda.

Humor er også eit verkemiddel som blei brukt effektivt, sjølv om tema kanskje er alvorleg nok. Nokre brukte reklamefilmen sin estetikk, og greidde å spissa og tydeleggjera bodskapet sitt på den måten.

gruppe IPH

Rettleiarane frå MOK saman med Grete Jamissen frå ENNY og prosjektkoordinator Jorid Grimeland heilt til venstre (forto.Idun Stokka)

Ny måte å kommunisera faglege perspektiv

Grete Jamissen frå ENNY var imponert då framsyninga var over. ENNY er interesserte i utvikling av digital historiefortelling som ein måte å kommunisera faglege perspektiv og prosjekt.

International Public Health