Anne Langaas er blitt HiO-stipendiat!

I går 20. januar blei det bestemt at Anne G. Langaas skulle få doktorgradsstipendet for 2005.

Prosjektet hennar:" Kropp, bevegelse og fysisk aktivitet. Om profesjonssosialisering hos fysioterapeutstudenter" skal undersøkja  kor viktig fysioterapeutstudentane tykkjer det er med kropp, rørsle og fysisk aktivitet før, under og etter studiet.

Dette prosjektet vil vera viktig i samband med dei to framtidige forskingsprogramma ved HiO KLOK (Kommunikasjon, læring, oppvekst og kultur) og HOV (Helse omsorg og velferd.)

Prosjektet er tverrfagleg, det har element frå lingvistikk, retorikk, psykologi, historie, antropologi og sosiologi slik strategiplanen for HiO 2004-2007 gjerne vil ha det.

Anne Langaas har tidlegare skrive kronikkar i avisene, og også vore med i radiodebattar. Ho har vist at ho greier å formidla det ho arbeider med til andre.  Og ho arbeider innanfor eit fagfelt som har stor almenn interesse, for vi har jo alle ein kropp?

Avdeling for helsfag har teke godt for seg av stipenda dei siste åra, så jammen er det mange flinke folk her. Stor gratulasjon til Anne.

Oppdatert: 12. januar 2006 10:20:13
Redigert av: Idun Stokka