Bjørg Fallang heldt prøveførelesing 27. januar
Ho snakka om "Physiotherapy programs for neurological disabled children: What is the scientific evidence for the effectiveness of such programs?"
Fallang ville undersøkja effekten av fysioterapiprogram på barn som har cerebral parese eller som er i ei høgrisikogruppe for å få det. Kan det bevisast vitskapleg at slik trening har effekt? Litteraturen på området viser til både gruppe- og single subjectstudier
Ho greidde ut om forskjellige treningsmetodar og program. Det er vanskeleg å finna signifikante teikn på at slik trening virkar.
Kanskje er treningsmetodane teraputen bruker utilstrekkelege? Kanskje er måten det blir dokumentert på ikkje god nok?
Gruppene det vert forska på er så lite homogene at det er vanskeleg å finna fellestrekk og derfor vanskeleg å finna signifikante endringar.
Nyare metodiske tilnærmingar ser lovande ut, men det er tydelig at ein treng ein forskingsinnsats her, konkluderte ho.
Det var spørsmål frå salen om negative utslag av slik terapi. Det at eit barn får seks timar terapi om dagen kan verka negativt inn på heile familiesituasjonen.
Prøveførelesinga blei gjennomført med glans, og det vanka vakre blomar etterpå til doktoranden. Opponentane var professor Brian Hopkins frå England, dosent Birgit Røsblad frå Sverige og professor Ola Skjeldal Rikshospitalet i Oslo. Dagen etter var det doktordisputas på Blindern.