Ikkje bare inspirerande, men heilt nødvendig!

Tverrfagleg utdanningskonferanse ved avdeling HF. Nesten sytti deltakarar frå Noreg, Norden og verda var samla på HiO frå 2.-4. juni. Første dag var bare norsk, her skulle det utvekslast erfaringar og gode råd.

Norsk nettverk

I kaffipausen fekk vi sett oss ned med tre representantar frå høgskolane i Bergen og
 Sør-Trøndelag. Kari Karlsen og Anita Tollefsen frå Bergen snakka om utfordringane dei har hatt  tidlegare, og korleis organiseringa av dei tverrprofesjonelle studia nå er komne inn i  mykje betre former enn ved starten i 1999. Innstillinga til fagområdet er annleis og organiseringa mykje betre. I Bergen har dei også greidd å kryssa avdelingsgrensa, og den er det mange som opplever som svært tøff  å  koma over. Ved HiB er  bioingeniørane organisert i ei anna avdeling, men dei er også med på den tverrfaglege delen. Det er viktig at dei administrative ressursane er til stades.  Ragna Binde frå Sør-Trøndelag tykte konferansen var ein stor inspirasjon for vidare arbeid.   Ho skrytte av Veks-prosjektet ved HiO, og meinte mykje godt arbeid var gjort her. Kompetanse i tverrfagleg samarbeid er noko samfunnet etterspør meir og meir.  I samband med kvalitetsreformen i høgare utdanning  er det også viktig. Konferansen vert slik ein stor inspirasjon til vidare arbeid. Den er med på å byggja opp nettverket  i Norge, slik at det kan utvekslast praktiske tips, idear og konstruktiv kritikk.

Nipnet

Det var  Hugh Barr frå London var innleiar første dag på Nipnet-konferansen.  Han er ein av initiativtakarane til organisasjonen Nipnet, saman med mellom anna Synnøve Almås frå Høgskolen i Ålesund.

Barr kalla seg sjølv både gudfar og jordmor for Nipnet og innlegget hans handla om utfordringane for den tverrprofesjonelle utdanninga frametter.  Han var  nokså direkte då han valde å kalla fagområdet ei semantisk hengemyr, og peikte på at ein måtte klargjera begrepsbruken  her. Han understrekte sterkt kor viktig det var med solid og etterretteleg forsking innafor området, og at internasjonalt samarbeid måtte dyrkast.  Barr fekk mykje og positiv respons frå salen på innlegget sitt, og fekk ein ekte Hio-sekk i gåve av arrangørane.

Vi prata litt med Mona Dahl og Nina B. Rigault som er studieleiarar ved Avdeling for helsefag, og bad om inntrykk så langt. Mona Dahl var overraska over kor forskjellig dei forskjellige norske høgskolane har løyst oppgåva med tverrfagleg undervisning, ho hadde trudd det skulle vera meir likt. Nina B. Rigault understrekte korleis den tverrfaglege undervisninga var eit vegskilje for framtida. Derfor er  ein slik konferanse ikkje bare  inspirerande og fin, men heilt nødvendig.

Det var konferanse på tvers og seminar og gruppediskusjonar både på langs og på skrå fram til laurdag ettermiddag. Då blei seminaret avrunda med framtidsplanar og farvel. Neste gong møtest Nipnet i Danmark i september 2006, men det norske nettverket er der og bør absolutt dyrkast i mellomtida.

Meir om konferansen

Oppdatert: 12. januar 2006 10:34:11
Redigert av: Idun Stokka