Fysioterapi for eldre - praksisfelt og høgskole i samhandling
Frå sør og nord i Noreg kom det totalt 52 deltakarar.
Dei kom stort sett frå offentleg helseteneste, og målet med work-shopen var å å samla erfaringer frå fysioterapipraksis, og aktuelle tema frå 1.og 2. line tenesten i forhold til modul 1 og 2 på vidareutdanning i fysioterapi for eldre.
Birgitta Langhammer og Astrid Bergland var arrangørar, og dei hadde fleire mål med dagen.
Dei ønska å få eit grunnlag frå praksisfeltet, ville vita meir om organisasjonsstruktur, tverrfagleg samarbeid, arbeidsmetodar/pedagogikk, behandlingsmetodar, forholdet mellom gruppe- og individuellterapi, treningsprinsipp og dosering av trening i forhold til den kompliserte gruppa som geriatriske og gerontologiske brukarar er.
Dei ville og høyra og sjå korleis evidence based physiotherapy blir brukt og praktisert, og korleis behandling ble evaluert og fulgt opp.
Dagen ga dei ein "temperaturmålar" på kva praksisfeltet strever med nå. Den ga veldig gode innspel til innhaldet i vidareutdanninga Fysioterapi for eldre. Dei peiker på at dei fikk eit greitt oversyn over tema som bør tas opp, korleis ei vidareutdanning kan styrka praksisfeltet på fleire punkt
Astrid og Birgitta seier dei er heilt overtydde om at ei vidareutdanning i fysioterapi for eldre vil bidra til å styrke yrkesvilkåra til dei som arbeider innanfor dette feltet, og kjem til å virka stimulerande på fagfeltet generelt.