Hopp til innholdMeny

Anestesisjukepleie

Hovedoppgåvene til anestesisjukepleiaren er å ta imot, overvake og gi pasienten anestesi i samband med operative inngrep. I tillegg vil du vere ein viktig del av akuttberedskapen på sjukehuset for å ta vare på den akutt og/eller kritisk sjuke pasienten.

Sjukepleiar med drypp på operasjonssal

Studieinnhald

Du lærer om

  • korleis ulike anestesimetodar og anestesimiddel virkar, og samanhengen mellom sjukdom/skade og val av anestesimiddel og metode
  • førebuing av ulike pasientgrupper til anestesi
  • preoperativ visitt og mottaking av pasient i operasjonsavdelinga
  • innleiing, vedlikehald og avslutning av generell anestesi
  • forebygging av postoperative smerter, smertebehandling og smertelindring
  • bruk, kontroll og grenser knytt til medisinsk utstyr
  • forsking, leiarskap, fagutvikling og fagleg praksis innanfor eige funksjonsområde

Studieplan

I studieplanen finn du informasjon om korleis studiet er bygd opp, oversikt over emne, pensum med meir. Les den!

Undervisningsmåtar

Vi har fellessamlingar, gruppearbeid, sjølvstudium, rettleiing og skriftleg arbeid. Mellom samlingane vil kommunikasjonen foregå ved hjelp av e-læringsverktøyet Fronter.

Det er lagt opp til 7-10 teorisamlingar (ca 40 dagar kvart år), og arbeid mellom samlingane. Sjå samlingsdatoar.

Praksisperiodane er på fulltid, og du må vere førebudd på turnusarbeid. I hovudsak foregår praksisen ved helseforetaka i Sogn og Fjordane, og særleg på sentralsjukehuset i Førde. Det vil bli lagt til rette for at du skal ha minimum ei veke praksis ved eit universitetssjukehus eller tilsvarande institusjon.

«Anestesipraksisen var kjempespennande, men litt skremmande i starten. Me blei tett følgt opp av anestesisjukepleiar, og hadde dei alltid i bakhand. Forandringar kan skje fort hjå pasientane under ein anestesi, og ein må være vaken og klar til handling. »

- Sissel Hagen Roti, tidlegare student

Fakta om studiet

Studiestad:
Førde
Studielengd:
2 år deltid
Studiepoeng:
90
Nivå/grad:
Vidareutdanning
Opptakskrav:
Autorisert sjukepleiar og minst to års klinisk sjukepleiepraksis etter autorisasjon.
Krav om politiattest
Studiekode:
216 1619
Søknad frå:
01.02.2015
Søknadsfrist:
15.04.2015