App for studentbevis
Studentbevis-appen erstattar semesteroblat (klistremerke) på studentkortet. Per i dag hentar ikkje appen ut bildet som blir tatt til studentkortet ditt. Du må derfor også vise legitimasjon med bilde for at appen skal vere gyldig som studentbevis.
Slik tar du i bruk appen
- Last ned appen "Studentbevis" via App Store eller Google Play når du har semesterregistrert deg, og betaling av semesteravgift er registrert i StudentWeb. Merk at det kan ta tre-fem dagar før betalinga er registrert.
- Velg Høgskulen i Sogn og Fjordane som institusjon, og logg på via Feide med ditt vanlege brukarnamn og passord ved HiSF.
- Appen hentar namn, fødselsdato, studentnummer, institusjon og semesterkvittering.
Dersom du framleis ønskjer klistremerke på studentkortet som viser gyldig semesterkvittering, kan du få det i Studenttorget og Servicesenteret (Førde).
Studentkort
Du treng studentkort for å få tilgang HiSF sine bygg, for å låne på biblioteket og til utskrift og kopiering.
NB! Vi har fått nye skrivarar, noko som gjer at alle studentar treng nytt studentkort.