Hopp til innholdMeny

Avdeling for ingeniør- og naturfag

Avdelinga tilbyr studium innan ingeniørfag, fornybar energi, landskapsplanlegging, geologi og geofare. Vi held til i eit fylke prega av fjell, rasutsette vegar, isbrear, store utbyggingar innan vasskraft og vindkraft og spesielle utfordringar knytt til inngrep i landskapet. Dette gjer at både forskarar og studentar innan desse fagfelta kjem tett på problemstillingane dei jobbar med.

Institutt for ingeniør- og teknologifag

Ingeniørutdanninga held til i Førde. Her kan du ta bachelor i elektro- og automatiseringsteknikk eller i energi, elkraft og miljø. Y-vegen er eit tilbod for deg som har fagbrev innanfor elektro. Vi tilbyr også forkurs for deg som gjerne vil bli ingeniør, men manglar den nødvendige fordjupinga i matematikk og fysikk.

Ingeniørutdanninga samarbeider tett med næringslivet, og kraftselskapa i fylket var med på å finansiere starten av utdanninga innan energi, elkraft og miljø for å dekkje den store etterspurnaden etter ingeniørar. Prosjektoppgåver og bacheloroppgåve skjer i samarbeid med næringslivet, noko som gir deg ein unik sjanse til å komme i kontakt med framtidige arbeidsgivarar.

Instituttleiar: Eli Nummedal

Postadresse: Postboks 523, 6803 Førde

Besøksadresse: Svanehaugvegen 1, 6812 Førde

Telefon: 57 72 25 00

Telefaks: 57 72 25 01

 

Institutt for naturfag

Denne seksjonen omfattar faggruppene for fornybar energi, geologi og landskapsøkologi. Innan alle tre fagfelta har forskarane og studentane svært gode føresetnader for å komme ut i felten og sjå det dei jobbar med på tett hald.

Geologane ved seksjonen har gjennom meir enn 30 år utvikla ein unik kompetanse på og kjennskap til dei varierte geologiske forholda i Sogn og Fjordane. Fagpersonane innan fornybar energi har eit tett samarbeid med kraftbransjen i fylket, og store forskingsprosjekt om effektane av dei mange utbyggingane. Landskapsøkologane underviser i faga Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur og utfører oppdrag for ei rekkje eksterne oppdragsgivarar.

Instituttleiar: Tarald Seldal

Postadresse: Postboks 133, 6851 Sogndal

Besøksadresse: Stadionbygget, Fosshaugane Campus, Sogndal

Telefon: 57 67 62 00

Telefaks: 57 72 62 01

 

 

Kontakt oss!

Dekan: Helge Hustveit

Kontorstad: Stadionbygget, Fosshaugane Campus, Sogndal

Telefon: 57 67 62 25